Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.
Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.

Fekk ein dramatisk start på 16-årsdagen

Det er nå 80 år sidan krigen kom til Noreg. I Vestavind denne veka kan du lesa åtte små historier der eldre minnast ting dei opplevde under andre verdskrig. Historiene byggjer på lengre intervju, gjort i 2018 og 2019, i samband med vår faste spalte «Våre liv».

Magne Ness vaks opp på Våga. Få dagar etter okkupasjonen, på Magne sin 16-årsdag 13. april 1940, var telefonen ute av drift fleire stader i Sveio. Magne som hadde arbeidd på linja fekk i oppdrag å finna og utbetra feilen.

Han heiv seg på sykkelen, og snart trefte han på ein som kunne fortelja at på Indre Svealeite (omtrent der Sveio skule ligg i dag) låg to leidningar nede i vegbanen.

Slik gjengir Ness kva som vidare skjedde:

– Eg fekk hjelp av Severin Lie d.y. til å stå vakt medan eg sjølv gjekk opp i stolpen. Samstundes høyrde me motordur, og snart såg me ein motorsykkel med sidevogn med tre karar oppi koma i vår retning. Severin stakk, og eg kan ikkje fri meg for at redsla greip meg også. Eg skunda meg ned, stilte meg midt i vegen og vinka med begge armane. Til alt hell stoppa motorsykkelen slik at ingen blei skada. I sidevogna sat ein høgare offiser, og bak ein soldat med maskinpistol over fanget. Dei var svært greie med meg, spanderte sigarettar og drops, og venta medan eg gjekk opp att i stolpen og utførte jobben min. Før dei køyrde vidare klappa dei for meg – eg trur dei skulle nordover til Tittelsnes.