Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.
Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.

Soldaten retta revolveren mot tinningen og segna om

Det er nå 80 år sidan krigen kom til Noreg. I Vestavind denne veka kan du lesa åtte små historier der eldre minnast ting dei opplevde under andre verdskrig. Historiene byggjer på lengre intervju, gjort i 2018 og 2019, i samband med vår faste spalte «Våre liv».

Liv Marta Økland (f. Gramshaug) vaks opp på Gramshaug i Valestrand. Under andre verdskrig var det på det meste 200 soldatar på Tittelsnes fort. Liv var sju år då krigen braut ut, og 50 tyske soldatar overtok heimen deira. Familien måtte flytta til eit mindre hus nede i vågen. Først rett før jul i 1943, då fortet stod ferdig, fekk dei flytta heim igjen.

Ein dag stod Liv stod i kjøkkenvindauget og såg på at nokre tyske soldatar dreiv på med skyteøving, blei ho vitne til at ein av soldatane fekk seg ei durabeleg skjennepreik. Kva det gjaldt fekk ho ikkje med seg, men Liv vart nyfiken og slepte dei ikkje med blikket. Plutseleg tok den utskjelde og retta revolveren mot eigen tinning, det høyrdes eit smell og han segna om på bakken.

– Eg fraus til der eg stod, var skråsikker på at soldaten var død. I ettertid fekk me vita at soldatane hadde brukt øvingsammunisjon, såkalla trepropp, og at soldaten sannsynlegvis berre hadde svima av. Me såg aldri soldaten igjen, og i alle åra etter har me stilt oss spørsmålet om tyskarane den gongen kvitta seg med ein av sine eigne fordi han ikkje var til å stola på. Ryktet gjekk om at vedkomande hadde stole nokre pakkar sigarettpapir.