Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.
Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.

Soldaten var ufin, men skulejenta gav svar på tiltale

Det er nå 80 år sidan krigen kom til Noreg. I Vestavind denne veka kan du lesa åtte små historier der eldre minnast ting dei opplevde under andre verdskrig. Historiene byggjer på lengre intervju, gjort i 2018 og 2019, i samband med vår faste spalte «Våre liv».

Henny Elisabeth Nygård f. Eike vaks opp som eldst i ein søskenflokk på fire på Bratthammar i dåverande Avaldsnes kommune. Foreldra var Inger og Hildor Eike.

– Det var mange soldatar stasjonert i skulebygda Førre. Dei fleste såg ut som heilt vanlege norske ungdomar, heilt ned til 17-18-årsalderen, fortel Henny, som var 10 år då Tyskland invaderte Noreg. Vanlegvis var ho ikkje redd når ho måtte passera okkupantane, men ein morgon ho gjekk åleine til skulen blei ho stoppa av ein ung tysk soldat som forlangte å få sjå passet hennar.

– Nei, pass har eg ikkje, svara Henny og pressa seg forbi soldaten.

Ho gjekk fort, frykta at han ville koma etter og halda henne igjen, men i staden fekk ho skjellsord kasta i ryggen:

– Svarte sigøynar! ropa han.

Henny, som hadde blåsvart hår og brune auger, kjende pulsen slå raskare, men fyrte tilbake:

– Lika svarte sjøl du, farr! Så sette ho opp farten og kom seg til skulen utan at det skjedde noko meir dramatikk den dagen.