Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.
Enkelte hendingar frå krigen kan aldri viskast ut. Åtte personar fortel om sterke personlege minne frå krigen.

Vaks opp like ved store, tyske festningsverk

Det er nå 80 år sidan krigen kom til Noreg. I Vestavind denne veka kan du lesa åtte små historier der eldre minnast ting dei opplevde under andre verdskrig. Historiene byggjer på lengre intervju, gjort i 2018 og 2019, i samband med vår faste spalte «Våre liv».

Harald Straume, tidlegare ordførar i Sveio, er kjent for sitt avslipne sognamål, noko han sjølv ser på som ein personleg identitet.

Han kom til verda 12. mai 1929, vaks opp på gard på sørsida av Sognefjorden i Gulen kommune, saman med to yngre brør. Foreldra var Kari og Ingvald Straume, begge frå Balestrand.

I følgje Harald Straume gjorde den tyske okkupasjonsmakta seg sterkt gjeldande i barndomsbygda hans under heile krigen.

– Eg minnast dei tyske båtane som kom inn fjorden vår og la seg innåt berghamrane i skjul for kvelden og natta. Me budde like nærleiken av dei store, tyske festningsverka der tyskarane hadde måla raude merke kringom på berga, og oppslaga var ikkje til å misforstå: «Skutt blir den som …», og under der igjen tekstar ein måtte retta seg etter. Det var litt skummelt, fortel Straume.

13. april 1957 gjorde han sveibu av seg. Då gifta han seg med med Bjørg Sandvik, som var fødd og oppvaksen på garden Straumen ytterst i Viksefjorden.