nyhende

- Me trur at det vil vera ærleg å seia at kor synleg vindkraft er, egentlig er det største problemet, seier Jan Thiessen i Solvind.
- Me trur at det vil vera ærleg å seia at kor synleg vindkraft er, egentlig er det største problemet, seier Jan Thiessen i Solvind.

Ønskjer å utfordra kommunen

– Solvind beklagar at Sveio kommune med dette lukkar dørene for ei fornybar kraftkjelde, seier dagleg leiar Jan Thiessen.

Publisert Sist oppdatert

Han trekk fram at vindkraft både bidrar til omstillinga til eit fossilfritt samfunn, som er klimapolitisk naudsynt, samt dei mogelegheitene som ligg i næringsverksemd som baserer seg på rein og rimeleg strøm.

– Rimeleg og rein strøm er det viktigste konkurransefortrinnet me har i Noreg i forhold til energikrevjande næringar. Desse næringane er truleg svært viktige for sysselsetting i tida etter olja, seier Thiessen.

Vil ha fagleg argumentasjon

Solvind ønskjer å utfordra Sveio kommune til å gje ein fagleg argumentasjon på sitt generelle vedtak, eller å gjera ei nyansert betraktning av prosjektforslaget på Nese.

– Me kjenner alle til at det aktuelle debattklimaet rundt vindkraft er svært emosjonslada. I tillegg trur me at det vil vera ærleg å seia at kor synleg vindkraft er, egentlig er det største problemet. Me tolkar derfor kommunen sitt vedtak, som per i dag ikkje inneheld noko skriftleg argumentasjon, som at fordelane med vindturbinar i sterk grad framstår som for lave opp mot verknaden på landskapet som anlegga medfører, seier Thiessen.

Powered by Labrador CMS