nyhende

gang- og sykkelsti Vikse- bernt herland
– Den nye gang- og sykkelvegen frå Straumakrysset til Vikse skule er noko forseinka, opplyser Bernt Herland, byggjeleiar i Vestland fylkeskommune (her fotografert i Sveio sentrum i 2020). Herland utrykkjer likevel optimisme når det gjeld den vidare framdrifta av Vikse-prosjektet.

Vats Anlegg har fått Vikse-jobben

Då fristen gjekk ut hadde fire entreprenørar levert inn anbod. Vats Anlegg fått jobben med å bygga gang- og sykkelveg mellom Vikse skule og Straumavegen.

Publisert Sist oppdatert

Gang- og sykkelvegen er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Sveio kommune der dei tar 50 prosent av kostnadane kvar.

Bygginga av gang- og sykkelveg til rundt 10 millionar skal vera ferdig til til nyttår. Samstundes skal det gjerast ein jobb for Sveio kommune til rundt tre millonar kroner med legging av ny vassleidning og trykkavlaup i traseen. Summane er eksklusive meirverdiavgift.

Haugaland Kraft skal også legga høgspentleidning og strekka fiber i same prosjektet.

Ikkje store forskjellar

– Dei fire entreprenørane som leverte anbod er Vats Anlegg, Risa, Vassbakk & Stol og Contexo. Det var relativ liten forskjell på dei tre billegaste. Når alt er på plass i anbodet, er det pris som avgjer kven som får jobben, seier Bernt Herland, byggeleiar i Vestland fylkeskommune.

– Når vil anleggsarbeidet starta?

– Så snart som råd er for å få den framdrifta ein må ha for å bli ferdig til nyttår. No har det vore ferie, så eg reknar med dei er i gong i midten av august, seier Herland.

Like om hjørnet er også siste topplag med asfalt på det nye fortauet i Sveio sentrum. Det vil bli gjort i samband med at heile Sveiogata og 755 meter av Tjernagelvegen skal få ny asfalt.

Powered by Labrador CMS