nyhende

– Dei er flinke her, dei vaskar og me får sprit når me kjem og går, rosar Olveig Kvamsøy. Handtaka på handlevognene blir vaska etter kvar kunde, Harry Lie er alt i sving.
– Dei er flinke her, dei vaskar og me får sprit når me kjem og går, rosar Olveig Kvamsøy. Handtaka på handlevognene blir vaska etter kvar kunde, Harry Lie er alt i sving.

Nedstenging gav oppsving i Valevåg

Etter nokre tøffe haust- og vintermånadar i 2019 i starten av dette året, vurderte ekteparet Laila Vikse Lie og Harry Lie om dei skulle leggja ned butikken. Etter at folk la om handlerutinane sine i vår har omsetnaden tatt seg opp.

Publisert Sist oppdatert

Då nærmiljøet registrerte at landet var i ferd med å stenga ned, forstod personalet på Nærbutikken Valevåg lite. Folk kom nærmast stormande inn dørane og handla som om det var jul.

Det blei gledeleg travelt, men ekteparet ser tilbake på tida som tøff og krevjande. Det kom tikkande mailar med restriksjonar og pålegg om dokumentasjon frå kjeda og myndigheitene. Ikkje minst det som gjekk på reinhald.

– Ein må alltid sprita seg for å unngå å bli sjuk, og halda avstand, smiler Sandra Lovise Haugland, som var innom nærbutikken denne morgonen.

Fekk sprit frå ferje

– Me hadde vore litt i førekant og kjøpt inn nokre flasker handsprit. Me fekk også nokre flasker frå ei ferje som låg til kai her nede, slik at me klarte oss fram til me fekk meir frå forhandlar, det tok ein månad, fortel Laila.

Arbeidsdagane blei lange og mange tankar raste, spesielt tanken på om ein av dei blei sjuke. Det blei dei heldigvis ikkje.

Verksemda stod på, og handla for kundane som ønskte det, og køyrde ut varene, eller sette dei ferdig pakka utanfor inngangsdøra. Den vesle nærbutikken kunne heile perioden halda kundane sine forsynt med både toalettpapir, ris og pasta, men etterkvart var det tomt for kveitemjøl og gjær, likt med mange andre butikkar.

– Men det fekk me jo snart inn igjen, seier Laila, som ikkje opplevde at nokon hamstra, men heller handla godt, for å klara seg i ein periode.

No har alt roa seg ned igjen, og forutan godt sommarsal, kom det også noko meir positivt ut av «koronaen».

Held fram med vasking

– Me har vekst, sjølv om både ungdommar og eldre drar ut av bygda. Det er også takka vera Bremnes Seashore, der både verksemda og dei tilsette er veldig bevisste på å bruka oss når dei skal gjera innkjøp.

Ekstra reinhald er ein viktig del av kvardagen, kontaktpunkt blir vaska 3 til 4 gonger dagleg. Ekteparet vedgår at dei kanskje er litt vel påpasselege, for dei er klar over at det ikkje er krav om så hyppig reinhald. Mest fordi det er best å vera på den sikra sida når det gjeld Covid-19.

– Vaskinga er innarbeida hos alle tilsette, seier Harry.

– Me kjem til å halda på slik som me gjer no, forsikrar Laila.

Oppmoding til utanlandske turistar.
Powered by Labrador CMS