Illustrasjon av dagsturhytte.
Illustrasjon av dagsturhytte.

Kva skal dagsturhytta kallast?

No kan du stemma

Over 60 personar sende inn forslag då Sveio kommune utlyste namnekonkurranse til den nye dagsturhytta mellom Stølen og Emberlandsnipen i Auklandshamn.

Etter ein gjennomgang av 82 forslag, nokre av dei like, gjenstår fire namn: Nipakvildo, Nipaståvo, Skuggakvildo og Sveibuo.

– Det var stor semje om at me ønskte oss eit namn på hytta som hadde assosiasjonar til staden. Me meiner at det er fint om folk som høyrer namnet, straks forstår kva me snakkar om, og kvar det ligg. Skuggakvildo er kanskje ikkje eit slikt namn, men Skuggjeberget ligg like ved hytta, så me meinte at det måtte få vera med som eit av alternativa, seier Marit P. Liknes i Sveio kommune.

Eit namn som er lett å bruka var også blant kriteria.

Stem fram til søndag

Administrativt tilsette og ordførar Linn Therese Erve vurderte dei innkomne forslaga saman, og til slutt valde ut dei fire som gjekk vidare.

Eit råd dei fekk var at det skulle vera greitt å bruka i ein samanheng, slik som «Blir du med ein tur til … på søndag?»

– Me håpar at alle dei fire namna som står igjen vil fungera bra, seier Liknes.

Klikk her for å komma til Sveio kommune der du kan stemma fram til søndag 20. september. Dagsturhytta i Sveio har også fått ei eiga side på Facebook.