Politiet held korta tett når det gjeld aksjonen i Førde i byrjinga av september.
Politiet held korta tett når det gjeld aksjonen i Førde i byrjinga av september. FOTO: Ellen Marie Hagevik, arkiv

Alvorleg hending i Viksekrinsen

Rundt klokka kvart på 12 la politiet ut ei melding om ei alvorleg hending i Gullvegen. Publikum var ikkje ønska på staden, opplyste politiet, som lova oppdatering i saka. Litt over klokka 12 er det ikkje noko nytt å melda, men politiet er på staden.

– Slik situasjonen er nå, vurderer politiet at det ikkje er fare for utanforståande, skriv politiet på Twitter, som lovar å komma med ei pressemelding innan klokka 13.

Etter det Vestavind er kjend med skal situasjonen vera konsentrert rundt ein bygning nær Vikse skule.