Aksjonen på Vikse 8. oktober utløyste store ressursar. No er saka ferdig etterforska og henlagt.
Aksjonen på Vikse 8. oktober utløyste store ressursar. No er saka ferdig etterforska og henlagt. FOTO: Kari Nilsdatter Haukås, arkiv

Har kontroll på to personar

Politiet har kome med pressemelding om den alvorlege hendinga i Gullvegen.

I ei pressemelding sendt ut klokka 12.30 opplyser politiet at meldinga kom inn like før kl. 10.30 i dag, og at det alt då framstod som ei alvorleg hending, på ei adresse i Gullvegen. Politiet rykka ut med store ressursar.

– Me har kontroll på to personar, men situasjonen er framleis uavklart. Det er viktig å understreka at utanforståande ikkje er i fare som følgje av hendinga, men at dei blir oppmoda til å halda seg vekke frå området inntil vidare, seier operasjonsleiar Jøran Solheim.

I tillegg til dei to nevnte personane, skal tre andre personar vera innafor området politiet er på no.

– Me jobbar med å få kontroll på personane, samt eit betre situasjonsbilde. Politet ber om forståing for at dei ikkje kan seia meir om hendinga no, seier Solheim.

Klokka 12.52 er politiet framleis på staden, og situasjonen uavklart. Det er til no ikkje registrert personskader på staden.