nyhende

Teikningane av aktivitetshuset blir ikkje nødvendigvis sjåande heilt likt ut som på skissene. Dagens situasjon tilseier at 13 brukarar i større eller mindre grad skal bruka bygget og eigedomen, og 11 årsverk, fordelt på ulike stillingsprosentar. I framtida er det tatt høgde for 15-20 brukarar og rundt 15 årsverk.Illustrasjon: Omega AS
Teikningane av aktivitetshuset blir ikkje nødvendigvis sjåande heilt likt ut som på skissene. Dagens situasjon tilseier at 13 brukarar i større eller mindre grad skal bruka bygget og eigedomen, og 11 årsverk, fordelt på ulike stillingsprosentar. I framtida er det tatt høgde for 15-20 brukarar og rundt 15 årsverk.Illustrasjon: Omega AS

Det nærmar seg endeleg vedtak for aktivitetshus for funksjonshemma

Det har tatt tid og gått i etappar. No nærmar det seg eit vedtak som vil gi dei funksjonshemma eit tilbod å gå til i kvardagen. Måndag kveld nikka representantane i formannskapet saka vidare til kommunestyret – med eitt tilleggspunkt.

Publisert Sist oppdatert

Vedtaket om å byggja aktivitetshus er frå juni 2018. Vidare blei det kjøpt ein eigedom i Leitevegen, og deretter sett av pengar til klargjering av tomta. No er området opparbeida, og har vore det ei god stund. Neste steg er å få på plass vedtak om bygging, alt i alt er det berekna at  prosjektet vil kosta 25,29 millionar kroner å byggja. Går siste instans, altså kommunestyret, inn for planane, vil endeleg kostnadsbilde vera klart når anbodsrunden er gjennomført.

Saka har vore oppe i hovudutval for helse og omsorg 12. oktober, der rådmannen sitt forslag til vedtak blei vedteke av alle representantane.

Overfinansiert prosjekt

Måndag kveld var det møte i formannskapet, og fleire ønskte ordet. Noko stor diskusjon blei det ikkje, men Rune Teikari frå Sveio FrP hadde tankar om det som gjekk på økonomi.

I starten av mars var det gravearbeid på tomta.

– Det har vore ei trist saksgang, men me må ta inn over oss at prosjektet er overfinansiert. Me må forsikra oss om at me ikkje pådrar oss meir enn me må, sa Teikari, som fekk støtte frå både Høgre og Ap rundt bordet. Han laga eit forslag som går ut på at formannskapet skal godkjenna eventuell meirforbruk i prosjektet.

Frå rådmannen sitt perspektiv

Rådmann Jostein Førre legg vekt på at prosjekt har vore etterlengta i fleire år og at det nå er viktig for kommunen med brukarane, pårørande og tilsette å få realisert planane:

Det grå området viser tomta der aktivitetshuset skal byggjast.

«Det er ein relativ stor kostnadsauke i prosjektet i forhold til kva som tidlegare har vore skissert. Bygget er no dimensjonert for ei større og meir variert brukargruppe med ulike behov. I tillegg beror kostnadsauken på ei tidlegare uferdig og dermed låg kalkyle som den gong var ut frå ei tidleg skisse som heller ikkje viste noko utomhusanlegg med meir. Laust inventar og utstyr var heller ikkje medrekna den gong. Rådmannen meiner at kostnadene i prosjektet er relativt høge, men ikkje urealistiske for eit slikt bygg inkl. gode utomhusanlegg. Fasit på endeleg kostnadsbilde vil komme når anbodsprosess er gjennomført. Det er vidare viktig å presisere at bygget no, i forhold til første skisse, er dimensjonert for framtida og at det er valt gode og funksjonelle løysingar for ei unik, viktig og kompleks brukargruppe».

Vedtak

Det blei vedteke å gå vidare med planane. Tilleggspunktet frå Teikari blei vedteke av alle utan protest, det lyder slik: Dersom det økonomiske forbruket forventast å stiga utover det estimatet som ligg føre per i dag, skal dette godkjennast av formannskapet.

Kommunestyret har siste ord i saka, måndag 2. november er tidspunktet.

Powered by Labrador CMS