Rådmann Jostein Førre håpar å få saka opp på kommunestyremøtet 22. april.
Rådmann Jostein Førre håpar å få saka opp på kommunestyremøtet 22. april. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Rådmannen sitt notat:

Kvifor treng me ein skulebruksplan?

Dette er rådmannen si forklaring på kvifor skulebruksplanen kjem no.

Det følgjer av opplæringslova at det er kommunane som har ansvaret for å gi borna eit tilbod om god grunnskuleopplæring frå dei er seks til dei blir seksten år. Grunnskulen i Noreg har vore tiårig sidan hausten 1997.

For å kunna gi elevane eit godt pedagogisk tilbod, må kommunane heile tida vurdera om skulestrukturen er rett. Folketalet utviklar seg ulikt i dei ulike krinsane i kommunen. Det fører med seg at elevtalet blir redusert ved nokre skular, medan det aukar ved andre. Sveio kommune har opplevd store demografiske endringar dei seinare åra. Kommunen har hatt stor vekst i folketalet fram til for om lag fem år sidan, og mest heile auken kom i søre delen av kommunen.

Kvifor treng me ein skulebruksplan?

Fram til 1999 var det heile ni skular i Sveio. Sju av skulane var fådelte barneskular. Førde og Sveio var kombinerte barne- og ungdomsskular. Gjeldande skulebruksplan for Sveio kommune er frå 2011. Denne planen fokuserte på ungdomsskulen. I 2012 blei ungdomstrinnet på Førde skule avvikla, og sidan då har alle ungdomsskuleelevane i kommunen vore samla ved Sveio skule. Ungdomsskulestrukturen er difor ikkje ein del av den vurderinga som no blir gjort. Skulebruksplanen skal leggja grunnlaget for ein framtidig barneskulestruktur i Sveio kommune.

Det har lenge vore klart at det er trong for å revidera skulebruksplanen. I 2017 vedtok Sveio kommunestyre å utsetja vidare arbeid med ny skulebruksplan til arbeidet med utbygging og rehabilitering av Sveio skule var ferdig. Arbeidet med skulebruksplanen blei teke opp att etter kommunestyret sitt vedtak 27. april 2020. Telemarksforsking blei tildelt oppdraget med å utarbeida ein rapport som skal danna grunnlaget for ei sak om fastsetjing av ny barneskulestruktur i Sveio kommune.

Etter ein periode med både stort fødselsoverskot og stor netto innflytting, ser vi at det vert mindre årskull i tida som kjem. Dette påverkar korleis ein kan organiserer grunnskuletilbodet i kommunen. Sveio er berre ein av mange kommunar som står midt oppe i dette arbeidet no. Målsetjinga må alltid vera å gi eit best mogeleg pedagogisk tilbod til elevane innanfor dei økonomiske rammene som kommunen rår over.

Jostein Førre,
rådmann