Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
Kari kom til verda på Emberland, to timar før søster si, Ingeborg Margrete. Foreldra var Johanna Samelina f. Ervesvåg og Engel Johan Emberland.
– Far var enkjemann med tre søner, Mikal, Gjert og Johannes, då han gifta seg med mor. Han var sjømann, det gjekk tre år før han såg oss jentene, fortel Kari.
Ein av dei som betydde svært mykje for henne dei første leveåra, var farfaren Haktor Emberland.
– «Bessen» vår hadde uvanleg godt lag med born, han leika med oss, og var tolmodet sjølv, minnast Kari. Ho måtte tidleg gjera nytte for seg på garden. Vinteren då ho var ti år blei mora sjuk og sengeliggjande. Fjøsstellet, blant anna mjølking av fire-fem kyr, fall på borna.
På skulen var Kari ein mønsterelev, lettlært og interessert. Skulehuset låg på Bua, dit var det fire kilometer. Søstrene hadde godt lag med kvarandre. Det kom vel med.
– Ein mørk haustmorgen me var på skuleveg fekk me auga på ein skapnad som kom mot oss. Dette ukjende gjekk litt framover krylt med ein svær bylt på ryggen, det var ikkje fritt for at me fraus på ryggen. Var det eit gjenferd? Seinare fekk me vita at det var Aletta, naboen vår, me hadde møtt. Og veit du kva ho bar på? spør Kari og ler.
– Jau, ho bar på ein stor sekk med hønseskrottar med avkappa hovud, som skulle sendast med rutebussen. Varene var bestilt og skulle i middagsgrytene på Det katolske sjukehuset i Haugesund.
Morgonen 9. april 1940, var tvillingsøstrene også på skuleveg. Dei var komne til Skjednadalen då tre fly i låg høgde dukka opp og reint instinktivt kasta dei ned seg bak nokre store steinar.
– Etterpå tenkte eg at me var tåpelege begge to, dei hadde nok sett oss likevel. I løpet av krigen erfarte Kari at dei tyske soldatane var folk dei også, kjekke og med god framferd.
16 år gamal byrja Kari som tenestejente i Søra-Skjold. Året etter fekk ho følgje med odelsguten Jacob Lokna, og i 1945 gifta dei seg. Ekteparet fekk to gutar, Nils og Egil, og saman med dei på garden budde også besteforeldra.
Då gutane var sju og fem år fekk dei ein uforgløymeleg bytur.
– Det var rett før jul og me reiste til Haugesund, eg tykte gutane våre kunne få ha det som eit minne, smiler Kari. Ein av naboane deira skulle også med bussen, og ein overivrig femåring spurde:
– Skal du også til byen å kjøpa julatrepynt? I byen glitra julelysa om kapp med vindaugsutstillingane, men etter nokre timars gange, var det tid for matøkt på Dalens kafé.
– Det blei gråt og tårer, gutane var ikkje van med maten som blei servert. Det enda med at me måtte be om å få vanlege brødskiver, ler Kari.
Det tyngste arbeidet på garden var å bera vatn frå kjelda opp til fjøset. Fem-seks kyr og ein hest trong opp til 25 bøtter morgon og kveld. I 24 år stelte Kari for mor si som budde i den nordre stova på Lokna. Ho døydde i 1976. Kari har vore storstrikkar og ein meister til å laga gode potetkaker, både til heimebruk og sal til butikk. Handelsskule tok ho per korrespondanse, og sertifikat og bil blei det også. I 16 år arbeidde ho ved Sveio gamleheim.
Før Jacob gjekk bort i 2008, hadde ekteparet mange kjekke bussturarar i inn-og utland om somrane.
– Eg likar å treffa folk og preika, dessutan synes eg det er kjekt å oppleva korleis det ser ut andre plassar.
Dei siste sju åra har Kari budd i Sveioåsen i lettstelt bustad med alt på eitt golv.
– Eg har det så godt som nokon kan ha det, smiler Kari takksam som spesielt gler seg over å ha fått fire barnebarn og tre oldebarn. I løpet av sitt lange liv har ho opplevd store forandringar i heimkommunen.
– Utviklinga har gått til det betre, seier ho bestemt.