nyhende

Inngangen til 4. klasse på Førde skule i april.
Inngangen til 4. klasse på Førde skule i april.

Skuleelev blant dei smitta – tre nye fredag

Onsdag denne veka blei det kjent at éin person var smitta av covid-19. Smittesporingsarbeidet påviste tre nye tilfelle torsdag, og ytterlegare tre fredag. Det eine tilfellet er elev på Førde skule.

Publisert Sist oppdatert

Dei nye tilfella har folkeregistrerte adresser i Sveio, men nokre av dei bur i andre kommunar, slik at smittesporingsarbeidet vil halda fram i dei aktuelle kommunane.

– Smittesporingsarbeidet er det viktigaste arbeidet som blir gjort no, testsenteret jobbar med det. Me i kriseleiinga i Sveio kommune har jamlege møte, etter kvart som nye opplysningar kjem, og me vurderer om me skal gjera andre vedtak og avgjerder. Akkurat no er det Førde skule som er berørt, og har hovudfokus, seier ordførar Linn Therese Erve til Vestavind.

Andre med symptom

Éin elev i 7. klasse har fått påvist smitte, klassen er derfor i karantene inntil vidare. Nokre av elevane som er nærkontaktar, hadde også symptom før dei blei testa.

Nokon har stilt spørsmålsteikn ved å stenga heile skulen frå onsdag, spesielt med tanke på at 1.-4. klasse og 5.-7. klasse er to kohortar.

Linn Therese Erve (Ap), ordførar i Sveio

– På grunn av lærarressursar såg me det som nødvendig å stenga heile skulen. Det er viktig å presisera at me ikkje stenger skular med mindre det er nødvendig for å avverga smitte. Me stenger ikkje for å vera føre-var, me har strenge vurderingar, og gjer alt me kan for å ha skulane opne. I dette tilfellet var det for uoversiktlig å halda ope, forklarar Erve.

Når det gjeld Førde skule i neste veke, vil situasjonen bli vurdert i helga.

Digitale møte

I tillegg til ordføraren, er det rådmann Jostein Førre, dei tre kommunalsjefane Ingunn Toft, Elisabeth Nygaard og Kenneth Tollefsen, og økonomisjef Peter O. Lura som sit i kriseleiinga.

Frå møtet fredag kl. 14.00: Ståle Andreassen (kommuneoverlege), Jostein Førre (rådmann), Peter Olav Lura (økonomisjef), Ingunn Toft (kommunalsjef), Kenneth Tollefsen (kommunalsjef), Monica Hovda Madsen (personalleiar), Elisabeth Nygaard (kommunalsjef) og Bjarte Stølås Storli (jurist og politisk sekretær). Nede til høgre – fotograf og ordførar Linn Therese Erve.

– Me har møter på Teams, då tilsette på kommunehuset er oppmoda til å ha heimekontor. Flesteparten av oss i kriseleiinga jobbar heimefrå, meg sjølv inkludert, seier Erve.

– Eg vil oppfordra alle til å forholda seg til smittevernreglane som gjeld – det er viktig å halda seg heime, vaska hendene og kontakta testsenteret om ein har symptom, påpeikar ordføraren.

Powered by Labrador CMS