nyhende

Håvard Tvedte i FAU ved Valestrand oppvekstsenter og Marryel H. Velde i FAU ved Auklandshamn skule.
Håvard Tvedte i FAU ved Valestrand oppvekstsenter og Marryel H. Velde i FAU ved Auklandshamn skule.

Massiv protest mot behandlinga av skulesaka

Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) ved Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter, har sendt brev til alle 25 i kommunestyret der dei slår fast at saksførebuinga til skulebruksplanen ikkje er forsvarleg.

Publisert Sist oppdatert

FAU ved dei to nedleggingstrua skulane har engasjert advokat for å sjå på saksbehandlinga av skulebrukplanen i Sveio kommune. Svaret frå advokaten, støttar opp om deira eigne synspunkt og ligg som vedlegg til klagebrevet som nå er sendt kommunen.

Konklusjon på klagen er; saksdokumenta samla sett har altfor mange manglar som bryt med grunnleggande saksbehandlingsreglar.

Mange manglar

– Me meiner kommunestyret må vidareføra alle dei fem gode skulane i Sveio. Å legga ned skular er eit av dei mest inngripande vedtak kommunar kan gjera. Det er ekstra strenge krav til god utgreiing i slike saker, men i denne saka er det altfor mange manglar og usikkerheiter som ikkje er belyste. Desse manglane gjer at kommunestyret ikkje kan vedta nedlegging av skulane, noko også Kluge Advokatfirma konstaterer, seier representant for FAU i Valestrand, Håvard Tvedte.

Tvedte har saman med FAU-leiar i Auklandshamn, Marryel H. Velde, underteikna brevet til kommunen.

I brevet blir det punktvis rekna opp fleire ting som ikkje er oppfylt i saksprosessen. Blant anna at skulebruksplanen ikkje ha vore på høyring, at FNs barnekonvensjon ikkje vurdert, og at skuleskyssen sin konsekvens for elevar ikkje er tilstrekkeleg utgreidd.

Stenger for bustadområde

Det blir også peika på at skulebruksplanen stenger for nye bustadområde i Førde, Auklandshamn og Valestrand.

Av brevteksten framgår det blant anna: «Kvar for seg gjer desse manglane at det ikkje er forsvarleg å vedta skulebruksplanen, og samla sett kan ikkje dette vera grunnlag for nedlegging av to skular i Sveio kommune. Me ber om at de vedtar å behalda skulestrukturen som i dag, med fem gode nærmiljøskular i kommunen».

Powered by Labrador CMS