nyhende
Vil styrka skulen, men fekk ikkje med seg heile fagutvalet på forslag
Leiar i HOK, Asle G. Halleraker (Ap) ønskjer at Sveio skule skal få tildelt meir ressursar, slik at rektoren får fleire tilsette å spela på når timeplanen skal leggjast opp neste skuleår. På same tid ønskjer han å sikra at lærarnorma blir meir lik på alle skular – fem av sju utvalsmedlemmer støttar denne tanken.
I tida etter avgjerda om å ha fem skular i Sveio, har det tatt seg opp med bekymringar for Sveio skule. Mellom anna har FAU sendt brev til politikarane i kommunestyret for å gjera greie for situasjonen. 25. mai var det møte i hovudutvalet for oppvekst og kultur, dei sju representantane var samla digitalt.
Auka budsjettet
Brevet frå foreldregruppa, samt orienteringar frå administrasjonen, har fått leiar for hovudutval oppvekst og kultur, Asle G. Halleraker til å formulera eit forslag, som går ut på å auka budsjettramma til Sveio skule for neste skuleår, slik at den største skulen i kommunen kan nærma seg lærarnorma som er på Valestrand og Auklandshamn skule. I same forslag, heiter det også at ressursfordelinga i henhald til lærartettleik og klassedeling mellom skulane skal vera meir lik i framtida.
Det er i samband med revidert budsjett i juni det er mogleg å gjera noko ressursane til barne- og ungdomsskulen. Til dømes er det 7,5 elevar per lærar på Auklandshamn skule for 1.-4. trinn, medan Sveio skule har 15 elevar per lærar på same trinn.
Jamna ut
– Nokre skular har dobbelt så god tid til elevane enn andre, og eg kjenner at det ikkje er greitt, seier Halleraker, som brenn for ein god skule i heile Sveio. Han og resten av Sveio Ap var lenge innstilt på å leggja ned dei to grendaskulane.
– Det eg ønskte var å flytta ressursar, og jamna ut ressursforskjellar per skule og klasse. Det blei det ikkje fleirtal for, men eg er fortsatt opptatt av å auka ressursane i skulen, og fortsatt opptatt av å slåst for elevane, seier Ap-politikaren.
Forslaget i HOK blei vedteke med fem mot to stemmer, og med det går eit sterkt, prinsipielt signal frå fagutvalet til formannskapet og kommunestyret om å auka ressursane til Sveio skule.
To forhold bekymrar
– Det er spesielt to grupper eg er bekymra for. Den eine går for å oppretthalda klassedeling til det beste for for elevar og lærarar, slik at dei kan ha handterlege grupper som dei har hatt god erfaring med i koronatida. Det viser seg at klassemiljøet er betre med færre elevar i klassa, men det krev ressursar å oppretthalda ei slik deling, seier Halleraker.
Den andre sida av saka er å sikra delingstimar for ungdomsskulen. Til dømes kan det bli slik at avgangsfaget mat og helse vil få rundt 30 elevar på skulekjøkenet om gongen, når det er tilrettelagt for rundt 15 elevar.
– Når ein ikkje har ressursar til å oppretthalda deling av klassen i slike fag, vil det gå direkte ut over kvaliteten på undervisninga. Det er så viktig å oppretthalda den gode kvaliteten ein har fått til på ungdomstrinnet. Lærarane er utruleg flinke, som klarar å løfta alle elevane i kommunen, seier Halleraker.
Håpa på sju for
Leiaren i fagutvalet er glad for at forslaget går vidare i systemet, men han stiller på same tid eit stort spørjeteikn ved at ikkje alle i HOK kunne stemma for å auka ressursane for tilsette og elevar i Sveioskulen.
– Eg prøver alltid å finna vedtak som kan bli samrøystes. Eg undrar meg kvifor ein ikkje kan gå inn for eit så ufarleg vedtak som det er, for å signalisera ein vilje til å auka ressursar i Sveioskulen. Det er interessant når enkelte parti ikkje ønskjer å løfta debatten om å finna ressursar for å styrka skulen. Det kunne vore snakk om éi krone, for å visa prinsippet, seier Halleraker, som håpte å få alle parti med seg på forslaget.
| Måndag 31. mai var det møte i formannskapet. Forslaget frå HOK gjekk ikkje vidare i formannskapet si tilråding til kommunestyret. Fire politikarar stemte mot punktet, og tre for. |