nyhende

Beathe S. Haugland (Sp) og John Kristian Økland (H) er begge representantar i hovudutval for oppvekst og kultur.
Beathe S. Haugland (Sp) og John Kristian Økland (H) er begge representantar i hovudutval for oppvekst og kultur.

Har jobba for å auka ramma til skulen i fleire år

Sveio Høgre, Sveio Senterparti og resten av opposisjonspartia jobbar med eit eige budsjettforslag som mellom anna skal styrka skulane. – Me har gjennom fleire år foreslått å auka ramma for Sveioskulane utan å få støtte frå posisjonspartia, seier John Kristian Økland (H).

Publisert Sist oppdatert

Utvalsleiar for hovudutval oppvekst og kultur, Asle G. Halleraker ville gjerne hatt med seg alle representantane på forslaget han la fram i sist møte i HOK (hovudutval for oppvekst og kultur), som omhandlar skule.

Politikarane som ein høyrer til grupperinga som blir kalla posisjonen (Ap og FrP, og i mange tilfelle dei to uavhengige politikarane) gjekk inn for forslaget, medan Høgre og Senterpartiet, som utgjer ein del av opposisjonen, stemte mot i hovudutvalet.

Oppsummert seier forslaget frå Halleraker at Sveio skule og Sveioskulen generelt skal få fleire ressursar, noko politikarar frå Ap, FrP, MDG og den uavhengige støtta i utvalsmøtet.

Lik fordeling

Ingrid Furdal (Ap) ser det som både viktig og nødvendig å arbeida for gode vilkår for alle elevar og tilsette i Sveioskulen.

– Barna er framtida vår, og bør ivaretakast på beste måte i skule og fritid. Reint prinsipielt tenkjer eg at det skal vera ei mest mogleg lik fordeling skulane i mellom når det gjeld lærartettleik. For å jamna ut dei store variasjonane, er ei løysing å auka ressursane til Sveio skule. Det er også viktig å lytta til dei innspela som er komne frå tilsette og føresette, seier Furdal.

Ho legg til at politikarane har bede om å få melding dersom det blir lagt opp til endring i klassedelinga.

– No er situasjonen slik at det blir endring i første og femte trinn ved Sveio skule til hausten grunna ressursmangel, seier Furdal.

Mindre verdt?

Vara for Sølvi M. Vesterheim, Leif Tore Haukås (FrP) støttar også Halleraker, med denne grunngjevinga:

– For å sikra at elevane på Sveio skule kan gå i klassar som ikkje er for store, seier Haukås.

Uavhengig utvalsmedlem Stian Nygård har sjølv ungar på Sveio skule, og har derfor eigne erfaringar med i vurderinga.

– God opplæring er det viktigaste bidraget me som kommune kan gi til ungane våre for å førebu dei for livet vidare, uavhengig av kor ein bur eller kva skule ein går på, seier Nygård.

– Eg opplever flinke og engasjerte lærarar, men samstundes opplever eg og manglande ressursar og store klassar. Ein vaksen har ikkje ubegrensa tid til å hjelpa 25-30 små barn med elementære oppgåver som å lesa og rekna. Kvifor skal ikkje elevar ved Sveio skule ha tilgong til dei same ressursane som ellers i kommunen – er dei mindre verdt?

Kjem i budsjettforslaget

John Kristian Økland (H) meiner at forslaget som blei lagt fram i hovudutval for oppvekst og kultur er for detaljstyrande, noko som også blei påpeikt då formannskapet hadde møte måndag 31. mai.

– Me meiner at skuleområdet bør styrkast, men ikkje gjennom detaljstyring av rådmannen slik Halleraker legg opp til. Dette blei også påpeika i formannskapet som stemde ned forslaget, seier Økland, på vegne av seg og Beathe S. Haugland i Sveio Sp.

Opposisjonspartia jobbar med eit budsjettforslag der rammeområdet for skule vil bli styrka.

Forslaget frå utvalsleiaren kom som eit tilleggspunkt i sak om skulestruktur.

– Hadde Halleraker delt sine tankar litt i forkant av møtet i HOK kunne me mogleg funne ei felles formulering for å styrka skulane, seier Økland på vegne av dei to opposisjonspartia.

Opne for samtalar

Skule er ei hjartesak for Sveio Høgre. – Me har gjennom fleire år foreslått å auka budsjettramma for Sveioskulane utan å få støtte frå posisjonspartia som heller har tatt ned dei kommunale inntektene ved å redusera eigedomsskatten. Å sikra ei god grunnskuleutdanning til ungane våre er ei av dei viktigaste oppgavene kommunen har, seier Økland.

Forslaget til rammebudsjett er ikkje klart enda, men det vil gjerast kjend i forkant av kommunestyremøtet som er måndag 14. juni.

– Me er opne for samtalar med posisjonspartia dersom dei ønskjer det.

Leif Sverre Haga i Sveio MDG er også del av hovudutval for oppvekst og kultur, og gjekk inn for forslaget frå Asle G. Halleraker. 

Nei frå varaordføraren

I formannskapet stemte Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP) mot forslaget.

– Ja, eg stemte i mot, men eg forstår essensen i forslaget. Dette handlar om ei lik fordeling av ressursar per elev. Dette er eit viktig tema, me veit alle at ein liten skule er meir ressurskrevjande enn ein stor skule per elev, seier Eriksen, som håpar at Ap kjem med eit revidert forslag, som fortel meir konkret kva dei meiner bør gjerast.

– Då kan det vera at eg støttar det, seier varaordføraren.

Powered by Labrador CMS