nyhende
Meir fleksibelt med to klassar
Fungerande rektor ved Sveio skule, Lene Lier fortel at ulike vurderingar ligg til grunn når grupper skal setjast i saman, storleik er ein av dei. Det er ikkje aktuelt å behalda tredeling for dei 50 elevane på kommande 5. trinn, og heller ikkje eit alternativ for dei 49 1. klassingane som skal starta til hausten.
– Det blir prioritert å bruka lærarnorma til å styrka klassane med stor vaksentettleik, då er det og mindre sårbart. Å ha to klassar meiner me er det beste alternativet for elevane samla sett, seier Lier, og forsikrar om at andre gode tiltak som er sett inn inneverande skuleår vil halda fram. Denne løysinga vil vera mindre sårbar for elevane ved sjukdom og ukjende vikarar inne.
– I tillegg er det enklare å setja inn tiltak tidleg dersom elevar har trong for ekstra tilrettelegging, påpeiker fungerande rektor.
Like gode føresetnader
Ho har forståing for at foreldre til 2011-kullet er fortvila over at dei ikkje får behalda klassane sine, men viser til at det ofte blir endringar ved tilrettelegging for nytt skuleår uansett.
– Til dømes sluttar den eine kontaktlæraren, og ein del føresette ønskjer då å flytta barna sine over i ein av dei to andre klassane, seier Lier.
– Er store klassar framfor små optimalt?
– Eg meiner at det ikkje er klassestorleiken det kjem an på, men det pedagogiske tilbodet dei får. Ved å ha gode, trygge vaksne rundt seg, som ser dei og greier å ramma dei inn, kan ein stor klasse ha like gode føresetnader for sosial utvikling og læring som små klassar, seier Lier, og viser til at det finst forskning som støttar opp om dette.
Ikkje berre økonomi
– Er budsjettet til Sveio skule for lite til å driva god undervisning på alle trinn?
– Sveio skule har fått tildelt midlar etter lærarnorma og i tillegg ekstra timar for styrking i basisfaga. Me har dyktige pedagogar i klassane som vil det beste for elevane. For å kunna driva med god undervisning er ein ikkje berre avhengig av økonomi. Dyktige pedagogar og eit godt samarbeid med føresette er viktig. Ved å framsnakka skulen tryggar ein borna sine, og dei er meir opne for å læra på skulen. Det er og viktig at pedagogane har tid nok til å sjå den einskilde elev, byggja relasjonar og fanga opp dei som strevar, samt kunne setja inn gode tiltak. Det meiner me er enklare å få til ved å ha fleire vaksne inne i klassen. Ein vil då og ha moglegheit til å dele i mindre grupper ved behov.
Kor mange vaksne det vil vera i klassane, kjem an på korleis klassane blir organiserte, og vil derfor variera.