nyhende

Er ikkje med venner på same måte etter pandemien starta:

Tuva Naustvik Økland, Ådne Christiansen, Juna Sofie Brekken og Sunniva Vikse.
Tuva Naustvik Økland, Ådne Christiansen, Juna Sofie Brekken og Sunniva Vikse.

– Det var meir sosialt før

Fire ungdommar er einige i at dei var meir sosiale før. Dei er heldige og har gode venner, men likevel blir ikkje vennskap prioritert på same måte som før. Å kjenna seg heime i ein vennegjeng er eit godt grunnlag for å ha det bra.

Publisert Sist oppdatert

– Eg trur at mange seier at dei har det bra og ikkje meiner det, seier Sunniva Vikse (15). Ho sit saman med tre andre frå Sveio ungdomsråd på Vigdartun denne måndagsettermiddagen. Tema er dei sjølve – ungdom, og korleis ungdomen har det i Sveio no om dagen.

Ungdomsrådet er ungdomane sitt talerøyr, og dei som vågar å stå fram og seia si meining. Det er neppe dei som har vanskar for å prata med vaksne om dei skulle slita med noko. Det er opplagt at dei ikkje kan representera alle nyansar av ungdomen, men dei pratar dei gjerne om korleis dei opplever ungdomslivet no om dagen, frå deira ståstad.

Sit meir inne

Sjølv har dei det ganske bra, og er einige om at korona har gjort eit inngrep i kvardagen, som gjer at dei har eit anna forhold til venner.

Ådne Christiansen (17) er aktiv i volleyball. Før mars 2020 hang han gjerne saman med kameratar både før og etter trening.

– Eg trur miljøet for ungdom er litt endra i forhold til før korona. Mange sit meir inne. Om nokon skal på trening, så gjer det dei, og går rett heim etterpå. Eg merkar sjølv at eg sit heime og spelar mykje meir no enn før korona, seier Ådne.

Meir fokus på skule

Han føler at det har blitt litt annleis. Forutan volleyballen, består kvardagen hans mykje av skule, vera heime, gjera lekser og sjå på mobilen – slappa av. Frå hans ståstad, meiner han at ungdomen har det mykje godt no om dagen. Trass alt er det ikkje lockdown, og ein kan vera sosial om ein ønskjer.

Juna Sofie Brekken (16) som også spelar volleyball, meiner også at livet var mykje meir sosialt før, det var meir tid til å vera med venner.

– Me fokuserte kanskje ikkje så mykje på skule og slike ting – me var altfor opptatt med å henga med venner, smiler ho.

No kjenner ho på at det er mykje meir fokus på skule enn det sosiale, det kan også ha ein samanheng med at ho går på vidaregåande skule. Ho har vore på større arrangement når smittevernreglane har sagt at det var greit. Her har ho lagt merke til at folk har vore meir sjenerte og tilbaketrekte. Annleis.

– Eg har høyrt at folk blir mykje meir slitne etter å ha vore sosiale og på arrangement, legg Sunniva til.

Føler på eit press

Helsesjukepleiar på Sveio skule, Liv Eidhammer Mangrud har uttalt til Vestavind at enkelte unge vegrar seg for å involvera foreldra om det er noko, då dei vil ikkje uroa dei vaksne.

– Kvifor trur de at det er slik?

– Mange synest det er vanskeleg å snakka med foreldre, dei føler at dei må klara ting på eiga hand, og nokon føler at det ikkje er rom for å gjera feil – men det er jo det ein lærer av, seier Tuva Naustvik Økland (16).

– Mange føler på eit press, vil ikkje vera dårlege. Mange synest det er flaut om foreldre blir blanda inn, meiner Juna Sofie.

– Ein trur gjerne at folk ser ned på deg om du ber om hjelp, trur Sunniva, som meiner at ein tvert om er modig om ein vågar å snakka med andre om problemet.

Lite tid i kvardagen

Alle fire ungdomane har eit godt forhold til foreldra sine. Dei som går på vidaregåande skule, merker at dei ser langt mindre til dei i kvardagen no, då dei er heime i 16-16.30-tida om ettermiddagane. Etter middag, er det gjerne lekser eller trening. Det blir lite tid til sosiale treff for denne aldersgruppa, både i og utanfor huset.

Sunniva, som går på ungdomsskulen og er aktiv innan drill, likar godt å vera med venner, men det er i mindre grad no, enn før korona. Vennskap i stor grad basert på venneflokkar, forstår me på ungdomen. Gjengar.

Mange har det ikkje bra

– Det er mange som ikkje har det bra i Sveio, meiner Juna Sofie. Det kan gå på at dei ikkje har ein hobby å gå til, og dermed heller ikkje kjem seg ut for å vera sosiale. Og utan ein vennegjeng, blir dei ikkje inkludert i andre sosiale tilstellingar på same måte.

At ikkje alle har nokon å vera med, kan vera litt usynleg.

– Dei fleste har nokon å vera med på skulen. Fleirtalet har nokon på fritida, men det finst dei som ikkje har nokon å vera med, seier Sunniva. Ho er også MOT-elev på Sveio skule, og har dermed eit spesielt ansvar for å mellom anna inkludera.

Arrangement

Tuva fortel at ungdomsrådet har begynt å tenka på å laga arrangement for unge i Sveio igjen, etter ein lang, og ufrivillig pause. Nattcupar er noko Ådne har sakna.

– Eg føler det er ei viktig oppgåve å få samla ungdomane igjen, og finna på ting i lag, no som det har vore korona, seier Tuva.

Powered by Labrador CMS