nyhende

Otto Inge Molvær ynskjer ikkje at ein skal servere alkohol på bokbad med Agnes Ravatn på Sveio folkebibliotek.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Otto Inge Molvær

— Alkohol høyrer ikkje til på bokbad

Otto Inge Molvær reagerte då han las om mogeleg skjenkeløyve til Sveio folkebibliotek. Han vil gjerne oppleve bokbad med Agnes Ravatn, men ikkje om dei serverer alkohol. — Det høyrer ikkje til der, meiner han.

Publisert Sist oppdatert

— Alkohol er det største rusproblemet me har i samfunnet, og det er eit stort eit, seier Otto Inge Molvær.

— Kan gjerast utan alkohol

Den pensjonerte legen bur i Førde og har eit kjært forhold til litteratur, men ikkje alkohol. Sjølv har den pensjonerte legen han aldri rørt ein dråpe, og tok til orde i eit lesarbrev til Vestavind då han las om det komande arrangementet på Sveio bibliotek.

For tida vert det søkt om eingongsløyve til å skjenke alkohol på bokbad med Agnes Ravatn.

Vestavind har tidlegare skrevet om det sosiale tiltaket som biblioteksjef Kristine Thorkildsen håper vil introdusere fleire i bygda for Sveio biblioteket.

— Viss det er folk som er så marginalt interessert at dei må ha alkohol som agn for at dei skal kome på biblioteket, då kan dei la vere å gå dit, seier Molvær.

Han understreker at han synast Thorkildsen sitt engasjement er prisverdig, og det er positivt at ho vil plassere biblioteket sentralt i bygda sitt kulturliv.

— Det er veldig bra, men det kan gjerast utan alkohol, seier han.

Har sett konsekvensane

Molvær har arbeida som doktor mange stader innanfor helsevesenet og sett på nært hold kor øydeleggande alkohol kan vere. Han ynskjer difor færrast mogeleg arrangement med servering av alkohol.

— Det er unødvendig å snike inn alkohol i alle sosiale samanhengar, seier Molvær.

Ynskjer du å gå på bokbad med Agnes Ravatn?

— Ikkje om det vert servert alkohol, seier han.

Du kan jo gå der utan å nyte alkohol sjølv?

— Eg ville markert med å ikkje kome viss det blei servert alkohol på biblioteket fordi det er heilt unødvendig, seier Molvær.

Med og uten alkohol

Biblioteksjef Kristine Thorkildsen sier at Sveio Folkebibliotek er glad for både ros og ris.

— Me skal ha bokbad med Agnes Ravatn i Valenheimen 19. oktober utan alkohol. På Sveio folkebibliotek den 24. november skal me ha det same arrangementet med alkoholservering, om me får løyve, seier Thorkildsen og fortset

— Det er same boka og forfattar som vil bli presentert, men det er to forskjellige rammar rundt. Me ønskjer at på begge arrangementa vil publikum oppleva at dei har ein fin stund saman, seier ho.

Powered by Labrador CMS