nyhende
Fortvilar over busstilbodet
Mens dei fleste andre ungdomane på Haugalandet kan nytte buss når dei vil vere sosiale på kveldstid, må unge i Sveio be foreldre eller vener om skyss. Malene Odland Hov (17) frå Førde fortvilar. — No er det på tide at politikarane viser at Sveio betyr noko for Vestland fylke, seier ho.
Ein skulle tru at dei fleste som bur i nabokommunar til eit regionsenter som Haugesund har eit nokså likt tilbod når det kjem til kollektivtransport. Men slik er det ikkje. For mens dei som er busett i både Haugesund, Karmøy og Tysvær har eit nokså godt kollektivtilbod til og frå Haugesund sentrum på ettermiddag og kveld, så er tilbodet skralt for sveibuen.
Malene Odland Hov (17) bur i Solheimslia i Førde. Og i likheit med 90 prosent av vidaregåande-elevane i Sveio kommune går ho på vidaregåande skule i Haugesund.
— Venene mine som bur i Haugesund kan ta bussen heim, ete middag, og så dra tilbake til sentrum med buss utan problem. Det kan jo vi frå Sveio berre gløyme. Og skulle me vere uheldig å miste den første bussen heim på ettermiddagen, så er det nesten tre timar til neste avgang, sukker Hov.
Ho fortel til Vestavind at det ikkje er få tilbod om vere sosial med vener i byen ho har avslått opp gjennom åra.
— Eg har ynge sysken, og me kan ikkje basere meg på at foreldre stiller opp kvar gong me vil til byen. Vaksne må jo ha lov til å ha litt fritid dei også for å gjere sine ting, poengterer ho.
Ho tek opp problemstillinga i eit lesarbrev i Vestavind. Brevet har ho også sendt til Vestland fylkeskommune. Det er fylkespolitikarane ho rettar skytset mot i lesarbrevet, og viser til at folkerøystinga om fylkestilhøyrsle i januar i år, då fylkesordføraren gav uttrykk for at Sveio var viktig for Vestland.
— No er det på tide at politikarane viser at Sveio betyr noko for Vestland fylke. Det er på tide med eit skikkeleg løft for kollektivtransporten mellom Sveio og Haugesund. Vi treng hyppigare avgangar, elles legg politikarane til rette for ein ny generasjon med bilistar som burde ha tatt buss, skriv ho i brevet.
Ein avgang på kveldstid
Mens det er Rogaland fylkeskommune sitt samferdsleorgan Kolumbus som driftar kollektivtilbodet i Rogaland, så er det Vestland fylkeskommune og Skyss som har ansvaret i for transporten til og frå Sveio. Og skilnaden på tilbodet sør og nord for fylkesgrensa er stor.
På ettermiddagen er det berre to Skyss-avgangar frå Sveio sentrum til Haugesund. Den eine går allereie klokka 16.20. Den neste – og siste – bussen frå Sveio sentrum 17.55. Og siste avgang frå Haugesund sentrum er allereie klokka 19.45.
Bur du derimot på sørsida av fylkesgrensa, til dømes på Avaldsnes eller i Kopervik i Karmøy kommune, eller i Aksdal eller Grinde i Tysvær kommune, er det langt fleire avgangar å velje mellom på ettermiddag og kveldstid. Det til tross for at avstanden til sentrum er omtrent lik, eller lengre, enn frå Sveio. Siste Kolumbus-buss frå Haugesund sentrum retning Karmøy går klokka 23.25. Sist buss retning Aksdal og Grinde i Tysvær går klokka 20.50.
Om sommaren er tilbodet enda dårlegare for sveibuen. Sist sommar gjekk siste Skyss-bussen 16.45 frå Haugesund sentrum til Leirvik. Siste buss andre vegen gjekk frå Sveio sentrum klokka 16.15.
Kystbussen
Det finst rett nok eit anna alternativ enn å be føresette og vener køyre. For sidan sist sommar har alle mellom 16 og 20 år, og som kjøper 30 dagars ungdomsbilett (kostar 380 kroner), eller for alle med periodekort for 30 dager (755 kroner) eller 180 dagar (3.775 kroner) kunna nytta seg av ekspressbusstilbodet Kystbussen. Kystbussen har tre avgangar som kan nyttast frå Haugesund til Sveio, og fire avgangar frå Sveio til Haugesund etter klokka 16. Her høyrer det også med at om bussen er full, så vil ikkje brukarar av Skyss sine periodebillettar vere garantert plass om bord.
Mens ein enkeltbillett kostar 20 kroner for unge mellom 6 og 17 år med Skyss, krev Norway Bussekspress, som driftar Kystbussen, mellom 53 og 63 kroner mellom Haugesund og Sveio sentrum. Bur du i Førde må dei unge betale mellom frå 67 og 78 kroner frå Haugesund på kveldstid for ein enkeltbillett.
Klar over utfordringa
Leiar for utval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune, Jannicke Bergesen Clarke (Ap) skjønar frustrasjonen til 17-åringen frå Førde.
— Vi veit at det særleg i distrikta er ønskjeleg med betre kollektivtilbod, og det er noko det generelt sett blir jobba for, seier ho.
At ein i Sveio bur nærme ei fylkesgrense, meiner ho i utgangspunktet ikkje skal spele noko rolle for arbeidet med rutetilbodet.
— Me er oppatt av at det skal vere eit godt kollektivtilbod også i grensestrøka, seier ho.
Ho peiker samtidig på at fylkespolitikarane allereie har tatt grep i 2022, å betre tilbodet i Sveio. Ho viser til at fylkespolitikarane tidlegare i år sytte for at Skyss innlemma Haugesund i same takstsone som Sunnhordland, slik at ein i alle fall ikkje lenger treng å betale for to sonar mellom Haugesund og Sveio. Og at ein frå same stund har kunna nytte Kystbussen til Skyss-prisar, vel å merke om ein har månads- eller ungdomskort.
Ho var elles ukjend med innhaldet i brevet som Madelene Odland Hov har sendt til fylkeskommunen då Vestavind snakka med ho rett før jul.
— Men det er bra at ho har skrive brevet. Det er viktig at me får innspel frå brukarane, det er mellom anna slik vi politikarar blir merksame på problemstillingar og kan ta dei med oss i det vidare arbeidet, seier ho.
Skyss: — Fylkesgrensa skaper også utfordringar
Vestavind har også stilt spørsmål om saka til Skyss, og fått svar på e-post frå pressekontakt Øyvind Strømmen:
— Kvifor går det så fåSkyss-bussar på ettermiddag/kveldstid mellom Sveio og regionssentera Haugesund og Leirvik?
— Grunnleggande sett handlar dette om at Skyss må gjera prioriteringar innanfor dei rammene me har, og dei prioriteringane må sjåast i samanheng med kva trafikkgrunnlag som finst. Dette siste vert også påverka av at Kystbussen – som er eit kommersielt tilbod – utgjer ein del av tilbodet i kommunen. For dei reisande gjev det fordelar, men det svekker samstundes vårt trafikkgrunnlag, seier han.
— Kva rolle speler fylkesgrensa, som går midt mellom Sveio og Haugesund?
— Fylkesgrensa skaper også utfordringar. Her må me vona på betre samarbeid med Kolumbus knytt til å utvikla fylkesgrensekryssande tilbod. Det gjeld både kontraktsmessige tilhøve og billettering, og det vert ein del av diskusjonen i samband med utvikling av eit regionalt hovudnett for Vestland, seier han.
— I januar i år var det folkerøysting i Sveio kommune om fylkestilhøyrsle. Eit av temaa det då vart snakka høgt var nettoppSkysssitt svake rutetilbod i kommunen. Har Sveio og rutetilbodet vore drøfta spesielt i hos Skyss i kjølvatnet av det, og kva er evt. resultatet av det?
— Kollektivtrafikken har vore tema i samband med diskusjonar om folkerøystinga også på fylkesnivå. Når det er sagt arbeider Skyss kontinuerleg med utvikling av vårt rutetilbod, innanfor dei rammene me har, og det gjeld både i Sveio og i resten av fylket, og både gjennom årleg rutejustering og gjennom meir overordna planverk. Frå 20. juni i år vart elles den såkalla støttesona i Rogaland avvikla i Skysssin sonestruktur. Det inneber at kundar no kan reisa frå Sveio til Haugesund for prisen av ei reise i ei enkeltsone. Frå same dato vart også takstsamarbeidet med Kystbussen utvida, slik at det no gjeld både for den 30-dagars ungdomsbilletten og for periodekort på 30 og 180 dagar.
Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap) seier at busstilbodet er noko som gjentekne gangar er blitt tekne opp med fylkeskommunane på begge sider av fylkesgrensa, og at kommunen vil halde fram med å påverke aktørane i håp om å få til eit betre samarbeid mellom Rogaland og Vestland når det gjeller kollektivtilbodet mellom Sveio og regionsenteret Haugesund.