Me i Høgre er overtydde om at dei beste tenestene skaper me saman, ikkje ved å skapa falske motsetningar og bestemma kven som skal delta, skriv Lars Einar Hollund (bildet) og Mikal Møller Hovda.
Me i Høgre er overtydde om at dei beste tenestene skaper me saman, ikkje ved å skapa falske motsetningar og bestemma kven som skal delta, skriv Lars Einar Hollund (bildet) og Mikal Møller Hovda. FOTO: Arkiv

«Ap bør feia for eiga dør før dei angrip Høgre»

Ser at Ap har kartlagt 224 av Høgre sine lokale valprogram og snakkar om kva tenester folk vil få med Høgre i posisjon. Dette er skremselspropaganda utan sidestykke.

La oss sjå kva som har skjedd i Sveio i sist periode. Høgre ville saman med KrF, MDG, SV og SP styrkja pleie og omsorg med 1 million kroner i 2020 og 1 million krone i 2022 utan å få Ap med på dette. For 2023 fekk me omsider Ap med på å auka rammene med 500.000 kroner For 2024 foreslo Høgre saman med alle de andre partia, unntatt Ap, å auka pleie og omsorg med 2 millionar kroner.

Dette er realiteten i Sveio!

Helseministeren var og nyleg på besøk i Sveio. Her uttala kommunalsjefen for helse og omsorg om at det er utfordrande å tilsetja sjukepleiarar til kommunen og at medisinen hennar er å oppmoda helseministeren om å regulera bemanningsbransjen, og Ap var skjønt einig i dette.

Me i Høgre trur ikkje rett medisin er å hindra helsearbeidarar å jobba der dei sjølv vil. Me meinar at kommunen og ordføraren heller må sjå på seg sjølv og finna ut kvifor kommunen ikkje er ein attraktiv arbeidsgivar. Høgre vil her sjå på turnusordningar, oppgåvefordeling og ikkje minst lønn. Pleietrengande og pårørande i Sveio fortener det beste me kan gi de.

Me i Høgre er overtydde om at dei beste tenestene skaper me saman, ikkje ved å skapa falske motsetningar og bestemma kven som skal delta.

Heldigvis er det ditt val, stem gjerne Høgre!

Lars Einar Hollund
16. kandidat for Sveio Høgre

Mikal Møller Hovda
5. kandidat for Sveio Høgre

Svar frå ordførar Linn Therese Erve (Ap)

«Arbeiderpartiet vil samarbeide for å løyse framtidas utfordringar»