I åra som kjem treng me å jobba saman for å løyse dei utfordringane me står ovanfor. Det er verken administrasjonen eller ordførar åleine som har ansvaret for at kommunen held fram med å vere ein attraktiv arbeidsgjevar, skriv Linn Therese Erve.
Kommunen skal vere tilretteleggjar. Ein av oppgåvene våre som kommune er å få i gang prosessar som gjer at me klarar å ta del i den utviklinga som skjer nasjonalt, regionalt og lokalt, skriv Linn Therese Erve. FOTO: Ellen Marie Hagevik

«Arbeiderpartiet vil samarbeide for å løyse framtidas utfordringar»

Lars Einar Hollund og Mikal Møller Hovda kjem med fleire påstandar i eit lesarbrev av 6. september 2023 som eg gjerne vil kommentere.

I kommunestyremøte i juni i år hadde me ei sak oppe til handsaming som handla om rammefordeling i budsjettprosessen. Det stemmer at fleire parti la fram eit forslag om ei auke i ramma på 2 millionar kroner til pleie og omsorg.

Sveio Arbeiderparti er genuint opptatt av å lytte til forslag som representantar i kommunestyret kjem med. Derfor var det ein sjølvfølge for Arbeiderpartiet å gå for forslaget om å auke ramma til pleie og omsorg med 2 millionar for budsjettåret 2024. Dette forslaget blei samrøystes vedtatt.

I åra som kjem treng me å jobba saman for å løyse dei utfordringane me står ovanfor. Det er verken administrasjonen eller ordførar åleine som har ansvaret for at kommunen held fram med å vere ein attraktiv arbeidsgjevar. Me treng å jobbe saman i kommunestyret, med alle folkevalde, med administrasjonen og med dei tilsette slik at me saman finn dei gode løysingane.

Det er flott at Hollund og Møller Hovda peikar på blant anna oppgåvefordeling som ein av løysingane, då dette er noko Sveio kommune allereie jobbar med. I tillegg er Arbeiderpartiet opptatt av å sjå heilskapen i tenestene våre, som me har peika på i vårt lesarbrev «Sveio inn i framtida» av 24. august 2023.

Tilsette i Sveio kommune skryt av arbeidsplassen sin. Ei viktig oppgåve me som folkevalde har, er å vere ein god arbeidsgjevar. Det betyr noko korleis me folkevalde omtalar administrasjonen, dei tilsette og den fantastiske jobben dei gjer kvar dag. Det kjem eg aldri til å slutte å framsnakke.

I neste periode vil eg og Arbeiderpartiet vere pådrivarar for at me skal jobbe saman som eit lag i kommunestyret. At me skal inkludere kvarandre i diskusjonar og lytte til kvarandre sine forslag. Det er slik me kjem fram til dei beste løysingane for deg som innbyggar og for Sveio kommune.

Me er betre saman enn kvar for oss.

Linn Therese Erve
Ordførarkandidat Arbeiderpartiet

Lesarinnlegget frå Hollund og Møller Hovda:

«Ap bør feia for eiga dør før dei angrip Høgre»