nyhende
Legg ned butikken i Valevåg
«Apriltilbud» står det på eit reklameskilt utanfor Valevåg Landhandel. Det er eit tilbod kundane aldri vil få glede av. På den låste inngangsdøra står det nemleg eit oppslag som fortel at butikken er stengt på grunn av oppbod.
Ved sida av oppslaget heng ei litt grundigare orientering om utviklinga som har ført fram til at buet no er overlevert til skifteretten..
– I dag er ein trist dag. Me hadde styremøte i går og beslutta å melda oppbod for Valevåg Landhandel AS. Det er dessverre for få kundar til å forsvara å halda ope no, skriv kjøpmann Per M. Grøsvik.
Han takkar samstundes alle som har vore gode kundar i den tida han har drive butikken i Valevåg.
Klarte ikkje å snu trenden
Då Grøsvik overtok drifta av nærbutikken i Valevåg i mai i fjor, hadde omsetnaden vore minkande over lengre tid. Denne utviklinga har det ikkje vore mogleg å snu, seier ein skuffa kjøpmann i dag.
– Som mange vil hugsa, skreiv eg eit lesarinnlegg i januar i år der eg etterlyste fleire kundar. Den veka innlegget sto på trykk, auka omsetnaden med 30 prosent. Men det heldt berre den eine veka, seier Grøsvik, som litt seinare kom med ei ny åtvaring på Facebook.
Han har rekna ut at handelslekkasjen frå butikken sitt nærområde må vera på rundt 80 prosent.
– Om han berre hadde vore på 60 prosent skulle me ha klart oss, seier han.
Håpa på automatbutikk
Då han starta, hadde dessutan Grøsvik stor tru på såkalla automatbutikk. I september i fjor søkte Merkur-programmet om støtte til omlegging av drifta.
– Eg fekk beskjed om at det ikkje var meir pengar på budsjettet det året, men blei førespegla tilskot over nyttår. Eg etterlyste svar på søknaden då eg møtte Merkur sin konsulent i februar. Seinare har eg ikkje høyrt noko. Og no er det for seint, seier han.
Grøsvik seier at underskotet ved oppbod er rundt 400.000 kroner. I tillegg til hans eiga stilling går ei heiltidsstilling tapt ved nedlegginga.
– Trist for bygda
– Nedlegginga av butikken i Valevåg er trist for bygda, seier Lars Helgeland, som er konsulent for det statlege Merkur-programmet.
Han vil ikkje kommentera tidsbruken i samband med behandlinga av søknaden frå Valevåg Landhandel AS, men seier dette på generelt grunnlag:
– Nye kjøpmenn treng eitt-to år for å koma i gang med butikkdrifta. Deretter vil me vurdera søknader om overgang til automatbutikk saman med kjeden, som i dette tilfellet er Nærbutikken. Overgang til automatbutikk og sjølvbetening krev investeringar på mellom 1 og 1,5 millionar kroner. Der me invilgar støtte går me inn med 50 prosent av investeringskostnadene, seier Helgeland.
Han ser elles parallellar mellom Valevåg og Auklandshamn, der nærbutikken blei nedlagt for over eitt år sidan og der det enno ikkje har lukkast å få til ny drift trass i at fleire aktuelle interessentar har vore inne i bildet.
– Dette er begge sentrumsnære distriktsbutikkar. Nettopp slike butikkar slit aller mest i dag, seier han.
– Må bruka for å behalda
Bente Marie Johansen leiar eininga for samfunnsutvikling i Sveio kommune. Ho var ikkje kjent med at Valevåg Landhandel AS hadde meldt oppbod då Vestavind kontakta henne, men beklagar det som har skjedd.
– Utfordringa er å bruka dei tilboda me har lokalt om me vil behalda dei, sjølv om det kostar nokre kroner meir, seier Johansen.
Sveio kommune løyvde i fjor eit omstilingstilskot på 100.000 kroner til Valevåg Landhandel AS. Pengane blei henta frå ein budsjettpost som ikkje finst på 2024-budsjettet. Johansen opplyser dette som svar på spørsmål om eventuelle nye forretningsdrivande kan rekna med eit tilsvarande tilskot. Her viser Johansen til Merkur-programmet.
Eigedomsselskap
Butikklokala i Valevåg tilhøyrer selskapet Valevåg Senter AS. Jarle Møllerhaug er dagleg leiar i selskapet. Han seier at dei tre eigarane bak Valevåg Senter AS skal møtast i helga for å diskutera vegen vidare.
– Me kan sikkert få leiga ut bygget til ulike føremål. Aller helst ønskjer eg likevel at det skal koma ein ny daglegvarebutikk, seier Møllerhaug.