Me kan jo ikkje tvinga nokon til å handla. Me ønsker kundar som har lyst til å handla hos oss, skriv Per M. Grøsvik
Me kan jo ikkje tvinga nokon til å handla. Me ønsker kundar som har lyst til å handla hos oss, skriv Per M. Grøsvik FOTO: Thomas Vallestad Dragset

«Valevåg landhandel søker kundar»

Kjære alle saman!

Kor e alle kundar hen? Når eg skriv dette brevet tenker eg på Jan Eggum sin song «Kor e alle helter hen». Eg har i alle fall lurt på kor alle kundane til Valevåg Landhandel har blitt av.

Det er no snart gått eitt år sidan eg tok over som kjøpmann i bygda. Det har vore eit svært hektisk år. Mykje å setja seg inn i for ein fersk kjøpmann. Mange nye og interessante oppgåver, og ikkje minst veldig mange flotte kundar. Kundane er lojale og kjekke og slår gjerne av ein prat etter endt handel – tusen takk for det!

Likevel er det noko som uroar meg. I alle månader som har gått sidan eg kjøpte butikken har det vore omsetningsnedgang. I byrjinga trudde eg at det var ein kortvarig trend. Dessverre vart det ikkje slik. Trenden starta for 2 år sidan er varig og systematisk. Den har vart heilt fram til no.

Det har naturleg nok vorte eit stort underskot. Me har sjølve betalt inn fleire hundre tusen kroner til butikken for å dekka inn dette. Slik kan det ikkje vera. Det kan vera mange årsaker til at det har blitt slik. Eg nemner:

  • Dyrtid
  • Liten butikk
  • Tipping
  • Aldrande kundegrunnlag
  • Handelslekkasje

Dyrtid

Butikken er knytta til kjeda Nærbutikken frå Norgesgruppen. Dette er ei kjede med 152 butikkar plassert over heile Norge. Det er for det meste små daglegvarebutikkar og ofte i grisgrendte strok. Prisane i butikken blir bestemt sentralt, og me har ikkje høve til å endra desse.

No har me hatt inflasjon og dyrtid. Prisane har gått opp 10 prosemy på eitt år. Dette er tøft for mange. Me vonar denne prisgaloppen er i ferd med å bli redusert og at kundane kjem attende.

Liten butikk

Butikken er liten. Me har likevel ein ambisjon om at du skal kunna kjøpa alt det du treng. Me har likevel litt avgrensa utval og færre ulike merkevarer. Kundegrunnlaget er for lite til at me kan ha større utval.

Dersom du allikevel vil at me skal ta inn nokre produkt så er det berre å spørja! Me tek gjerne inn produkt så lenge dei er populære og me ikkje risikerer å kasta halvparten av dei grunna at dei går ut på dato.

Tipping

Dette er nok det punktet som har skuffa flest kundar. Dei aller fleste har gått over til tipping på mobiltelefon og PC. Tipping på butikk har stupt i omsetnad.

Me har som mål å automatisera butikken. Då er det vanskeleg å handtera den manuelle tippinga. Me slutta med tipping den 1. november, så bortfallet kan ikkje forklara omsetningsnedgangen dei siste 2 åra.

Aldrande kundegrunnlag

Det store problemet i Valevåg er at befolkninga er aldrande. Det er få unge småbarnsfamiliar som ynskjer å nytta seg av butikken.

Handelslekkasje

Dei fleste i Valestrand arbeider på Stord, Sveio eller i Haugesund. Dei handlar det dei treng i nærleiken av arbeidsplassen. Me kan jo ikkje tvinga nokon til å handla. Me ønsker kundar som har lyst til å handla hos oss. Ifølge ein kjøpekraftsberekning frå februar 2023 er handelslekkasjen i Valevåg på over 67 prosent.

Sannsynligvis er den høgare i dag sidan omsetninga har gått nedover. Det er eit retorisk spørsmål om ein verkeleg ynskjer ein daglegvarebutikk i Valevåg. Det vert sagt at ei bygd ikkje er ei bygd utan daglegvarebutikk. Då vert det berre ein stad å bu.

Butikken er på ein måte slik som kyrkja. Alle samlar seg i kyrkja på julaftan, men elles er den dessverre lite brukt. Me har mange markeringar ut over året, og då samlar folk seg på butikken og i postkafeen. Butikken er på ein måte eit naturlig samlingspunkt.

Me har sjølve arrangert samlingar på laurdagar på eige initiativ, slik som Ukrainadagen, handverkardagen og Sabor Latino. Det har vore kjekt og mange har delteke. I tillegg har bydelaget og lokale foreiningar arrangert ulike tilstelningar som vårslepp på 1. mai (4H), Valestranddagen og julegranstenning (bygdelaget), med vidare. Alle lokale lag og organisasjonar er med å støttar opp om butikken. Bra!

Som sagt er det mange som nyttar butikken. Det er me umåteleg takknemlige for! Det skal berre vera nokre ekstra kundar for at det skal gå rundt. Dersom du vil må du svært gjerne bestilla varer heim. Det er berre å ringa butikken så leverer me på døra.

Ok. Dette var eit lite hjartesukk frå mi side. Når eg fyrst skriv eit brev, så kan eg ikkje avslutta så veldig pessimistisk. Eg er jo i bunn og grunn ein optimist!

Me er no i januar – den mørkaste tida på året. Januar er også den månaden med lavast aktivitet. Me er forbi solsnu og då vert det lysare dagar og forhåpentligvis betre omsetting. Me kryssar alle fingrar på å sjå deg blant kundane!

Så kom på butikken då, og kom te Valevåg!

Per M. Grøsvik