frå papirarkivet

Dampskipet «Thor» var bygt i Dublin i 1867, og kom til H.O. Sundfør i Skåre i 1889.
Dampskipet «Thor» var bygt i Dublin i 1867, og kom til H.O. Sundfør i Skåre i 1889.

Får støtte til minneplate

I mars 2006 er det 100 år sidan dampskipet «Thor» forliste ved Lyngholmen. Nærare 40 personar omkom, berre to blei redda. I samarbeid med mellom anna andre involverte kommunar, håpar Sveio kommune å ha klar ei minneplate til hundreårsmarkeringa.Saka var på trykk i Vestavind 16. desember 2004.

Publisert Sist oppdatert

Konge drukna ved Lyngholmen

Etter soga skal kong Magnus Eriksson ha drukna ved Lyngholmen i 1374. I samband med minneplata over D/S «Thor», blir det arbeidd med å få sett opp ei mindre plate over denne kongen.

Det var Arne Horneland og Anker Gravdal frå Stord som tok initiativet til å få eit synleg minnesmerke over det tragiske forliset. Bestefar til Gravdal var ein av dei omkomne.

Arbeidet med å finna støttespelarar for få laga ei slik minneplate har pågått i fleire år. Kostnaden er rekna til å vera minst 60 000 kroner, og kommunestyret har sett som vilkår for gjennomføringa at også andre av dei involverte kommunane eller fylkeskommunen gjev tilskott til arbeidet. To gonger har Hordaland Fylkeskommune sagt nei til å støtta tiltaket, men no lysnar det. Etter tredje gongs søknad sa fylkeskommunen ja til å bidra med 15 000 kroner. Stord og Vindafjord kommunar vil òg bidra med pengar, og Haugesund Rederiforening har sagt seg positive til å støtta tiltaket. I tillegg er det sendt førespurnad til Tysvær og Haugesund kommune, Haugesund maskinistforening og Haugesund sjømanns- og skipperforening.

– Me håpar minneplata er ein realitet innan 6. mars 2006. Det er lenge til, men det har vist seg at dette er noko som tek tid, seier sakshandsamar Marit Westin-Eikje på kulturkontoret. Minnemarkeringa er alt planlagt. Kommunen har mellom anna vore i kontakt med Det norske sjømannskor, som er interesserte i å delta. Om ikkje det går i orden, kan eit alternativ vera å få fleire kor frå distriktet til å samlast til felles opptreden.


Forliset av «DS Thor»

Dampskipet «Thor», som tilhøyrde H.O. Sundfør i Haugesund, låg til anker ved Lyngholmen saman med to andre båtar ei vinternatt i 1906. Vêret var fint, men tidleg om morgonen braut det laus ein kraftig storm frå nordvest. Dei to andre båtane hadde dampen oppe og kom seg til sjøs, men «Thor» var ikkje klar til å gå. Fortøyingane rauk, og skipet dreiv på land og sank kort tid etter. Berre mastetoppane stakk opp av sjøen. 39 mann omkom, berre to blei redda. Mannskapet kom frå heile distriktet – frå Haugesund, Skjold, Tysvær og Stord. Minst to av dei var frå Sveio.

Powered by Labrador CMS