nyhende
Vil utgreia større legefellesskap
Det kan gå mot samanslåing av dei to kommunale legekontora i Sveio. Hovudutvalet for helse og omsorg vil at rådmannen skal greia ut ulike alternativ til framtidig organisering som kan gi større legefellesskap.
Dette er i tråd med rådmannen sitt forslag til vedtak. Kommunalsjef Ingunn Toft har vore sakshandsamar. Ho fortel at HOK gjorde sitt vedtak med seks mot ei stemme måndag kveld. Tor Inge Flåten (Sp) utgjorde mindretalet. Senterpartiet sitt forslag er å utsetja saka og sjå framtidig organisering av legetenesta i samanheng med kva som skal skje med den eldste delen av kommunehuset.
Delt i eldrerådet
Også fleirtalet i eldrerådet vil venta med vurderinga av eit større legefellesskap. Vurderinga kan gjerast når ein har fått avklart kor ein kan få passande fasilitetar for eit helsekvarter, heiter det i vedtaket som blei fatta med tre stemmer. Mindretalet på to støtta eit forslag frå Rakel Øyerhamn som ber rådmannen utgreia ulike alternativ til framtidig organisering, men seier samstundes at dette kan gjerast når ein har fått avklart kor ein kan få passande fasilitetar for eit helsekvarter.
– Viktig med to kontor
Også råd for personar med nedsett funksjonsevne har hatt denne saka til uttale og har gjort eit vedtak i tre punkt etter forslag frå leiar Dagfinn Fagerland Bjørge. Dei to første punkta er omtrent identisk med det fleirtalet i eldrerådet har gått inn for. I eit tredje punkt seier råd for funksjonshemma at det er viktig å ha to heildags legekontor i kommunen, då Sveio er langstrakt og avstandane store.
Saka går vidare til formannskapet og kommunestyret før rådmannen kan ta fatt på utgreiingsarbeidet.
Spørsmål om samanslåing av legekontora var sist oppe til behandling hausten 2020. Saka utløyste den gongen store protestar. Det enda med vedtak om å behalda begge kontora.
Ser flest fordelar
Sveio har i dag to kommunale legekontor, eitt i kjellarhøgda i kommunehuset og eitt i eige bygg i Førde. Kontoret i Førde har i dag to kommunalt tilsette legar i fulle stillingar og ein privatpraktiserande lege i 60 prosent stilling. Frå 1. februar neste år får kontoret tre kommunalt tilsette legar i fulle stillingar. Kontoret i Sveio sentrum har to kommunalt tilsette legar i fulle stillingar.
Av saksutgreiinga går det fram at alle dei kommunalt tilsette legane og resten av personalet ved legekontora er førespurde om framtida. Dei er ganske samde om at det er fleire fordelar enn ulemper ved å samla legetenesta i eit større fellesskap. Dette går fram av saksutgreiinga som ligg til grunn for HOK sitt vedtak. Dei tilsette meiner dette vil gjera det lettare å få til stabil drift og rekruttering av legar i framtida. Det blir elles presisert i saksutgreiinga at dei tilsette ikkje er spurde om samanslåing og flytting, berre om større legefellesskap.
Treng større plass
I saksutgreiinga blir det elles peika på ei rekke fordelar ved å samla legane i eit større fellesskap som rådmannen også trur vil gi økonomisk gevinst. Samling vil desssutan styrka beredskapen og auka kvaliteten på legetenestene, blir det hevda. Begge legekontora er små. Det er for eksempel ikkje plass til studentar eller LIS 1-legar slik situasjonen er i dag.
Ulempen ved samanslåing av legekontora er at nokre innbyggarar får lengre veg til legen. Det blir likevel vist til at avstanden mellom kontora i dag er berre 14 kilometer.