nyhende

Slettaa Dykkerklubb stilte med 12-13 dykkarar utanfor ferjekaia i Valevåg. Med god hjelp frå båtane til Bremnes Seashore blei dei tatt på land.
Slettaa Dykkerklubb stilte med 12-13 dykkarar utanfor ferjekaia i Valevåg. Med god hjelp frå båtane til Bremnes Seashore blei dei tatt på land.

Sponsar dekk og søppel til TV-aksjonen

Bremnes Seashore sponsar alle dekka og søppelsekkane frå ryddeaksjonen sist helg. TV-aksjonen NRK får dermed 30 600 kroner frå ryddedugnaden.

Publisert Sist oppdatert

Sist helg var dugnadsfolk i sving for å samla plast og anna søppel langs kysten av Sveio, både laurdag og søndag. Sveio frivilligsentral og Sveio kommune stod bak initiativet, der mange stilte opp.

Om ikkje dei sjølve får lønn for strevet, er i alle fall sjø og strand reinare. I tillegg lova Bremnes Seashore på førehand å sponsa kvar sekk som blei plukka med 100 kroner.

70 dekk

Når alt kom til alt, enda det opp med at Bømlo-verksemda også sponsa alle dekka som blei tatt opp i Valevåg med 100 kroner.

«Ida» er ein av Bremnes Seashore sine båtar som er mykje på Loddetå ved Tittelsnes.

– Resultatet blei om lag eitt tonn boss og 70 dekk, noko som utgjer 30 600 kroner, som går til TV-aksjonen NRK. Sidan aksjonen i år går til ei sak som er så viktig for oss, har me bestemt oss for å leggja på ytterlegare 15 000 kroner, seier samfunnskontakt Bjørnar Michaelsen-Svendsen.

Lev av havet

Bremnes Seashore held til i Øklandsvågen i Bømlo, og har 28 anlegg i ni kommunar, fleire i Sveio.

– Me har alltid støtta TV-aksjonen med ein liten sum kvart år. Dette året var det meir naturleg å støtta ekstra, med tanke på tematikken med plast i havet. Det er hovudgrunnen til at me gjekk inn med så mykje som me har gjort. Me er avhengig av at sjøen har det bra, ellers får fisken det dårleg. Eit reint hav gagnar alle, og spesielt oss, seier Michaelsen-Svendsen.

Powered by Labrador CMS