Her heiser mannskap frå Bremnes Seashore opp eit kjøleskap.
Her heiser mannskap frå Bremnes Seashore opp eit kjøleskap. FOTO: PrivatBilde 1 av 5
Denne flaskeposten blei funne ved Lyngholm, og kjem etter alt å dømma frå Skottland. Det står følgjande: Eg heiter Logan Strachan, eg er åtte år. Eg bur i Peterhead med mamma og pappa. Eg har ein katt som heiter Ozzie og ein hund som heiter Buzz. Bestemor og bestefar bur i Mid Street. Me skal sleppa flaska frå brygga i dag, 27. desember 2014. Eg håpar nokon finn den. Logan.
Denne flaskeposten blei funne ved Lyngholm, og kjem etter alt å dømma frå Skottland. Det står følgjande: Eg heiter Logan Strachan, eg er åtte år. Eg bur i Peterhead med mamma og pappa. Eg har ein katt som heiter Ozzie og ein hund som heiter Buzz. Bestemor og bestefar bur i Mid Street. Me skal sleppa flaska frå brygga i dag, 27. desember 2014. Eg håpar nokon finn den. Logan. FOTO: PrivatBilde 2 av 5
Kjøleskap, dekk, båtar, isoporkassar, treverk – alt som ikkje høyrde til i naturen blei tatt plassert i eller ved containerane.
Kjøleskap, dekk, båtar, isoporkassar, treverk – alt som ikkje høyrde til i naturen blei tatt plassert i eller ved containerane. FOTO: PrivatBilde 3 av 5
Langs strendene blei det gjort ein god innsats. Båtar frå Skjærgårdsservice og Bremnes Seashore samla opp avfallet, og køyrde til næraste containar.
Langs strendene blei det gjort ein god innsats. Båtar frå Skjærgårdsservice og Bremnes Seashore samla opp avfallet, og køyrde til næraste containar. FOTO: PrivatBilde 4 av 5
Fleire titals dekk til både traktor og bil blei tatt opp i Valevåg.
Fleire titals dekk til både traktor og bil blei tatt opp i Valevåg. FOTO: PrivatBilde 5 av 5

Rydda sjø og strand i strålande sol

Mykje rask blei tatt opp frå sjøen og rydda vekk frå strendene av flittige dugnadsfolk på laurdag.

Ryddeaksjonen blei arrangert som ein følgje av årets TV-aksjon, som har rettar fokus mot plastforsøpling i havet. Sveio kommune var initiativtakar, Sveio Frivilligsentral koordinator. Slettaa Dykkerklubb, Bremnes Seashore og Skjærgårdsservice stilte også opp på dugnaden med dykkarar og båtar. Containerar stod på Lyngholm, Buavåg, Auklandshamn og i Valevåg.

Søndag kveld, fortel leiar i Sveio Frivilligsentral at jobben som er gjort er fantastisk.

– Det er klart at tematikken i årets TV-aksjon er viktig for mange. Innbyggjarar i kommunen engasjerte seg, og det blei mange gode samtalar og møte rundt i bygdene, seier Kristianne Uri. Ho vil gi honnør til alle som stilte, og ikkje minst rodeleiarane.

– Me håpar fleire vil henga seg på og støtta TV-aksjonen, slik at WWF kan halda fram kampen mot plastforsøpling, seier Uri.

Plast og anna søppel hamna i containeren. FOTO: Bror E. Eriksen