Bø sommarland.
Bø sommarland.Bilde 1 av 2
Gygrestolen.
Gygrestolen. FOTO: Øystein AkselbergBilde 2 av 2

Hjartet i Telemark

Dagens ferietips i lokalavisene si nye reiselivssatsing Mitt ferietips landet rundt er i dag frå Midt-Telemark. Nesten 40 lokalaviser vil utover sommaren gje deg tips om kva du kan oppleva i Noreg.

Midt-Telemark er mykje. Hjartet i Telemark byr på natur, kultur og aktivitet: Gå fine høgfjellsturar på lett tilgjengelege Lifjell, klatre luftig i klatreparken Høyt og Lavt – eller på Gygrestolen som kjendisane i 71 grader nord. Overnatt i ei vintønne og besøk eit prisvinnande ølkompani, handle i Bø eller ta turen innom eit av dei mange kunstgalleria. Finn ei elv å padle eller avkjøle deg i, leik deg i Sommarlands vassklier og stå på wakeboard på Norsjø Ferieland.

Finalen kan du ta på Bø hotell, som serverer mat med lokale ingrediensar.