Om oss

Vestavind er ei uavhengig lokalavis for Sveio i Vestland fylke. Avisa blei stifta i 1986, er på nynorsk og har utgåve ein gong i veka, 48 utgåver i året. 5. mars 2020 fekk me nettavis.

I Vestavind er me eit positivt team som er opptatt av det som skjer rundt oss, både lite og stort. Me jobbar for å tilby eit godt produkt både for lesarar og annonsørar, og ser på lokalavisa som eit viktig informasjonsorgan for heile kommunen.

Vestavind har godkjent opplag på 1.622 eksemplar (Første halvår 2023). Me produserer avisa sjølv og avisa blir trykt i Bladet Sunnhordlands trykkeri på Stord. Papiravisa blir distribuert av Posten og Amedia distribusjon. Styreleiar i Vestavind er Bent Rune Sinnes. Dagleg leiar er Susanne Lie Vallestad og ansvarleg redaktør er Ellen Marie Hagevik.