I Vågedalen, i krysset ved Gullvegen, blei vegen stengt under aksjonen. Til venstre i biletet, John Kristian Espeland frå politiet.
I Vågedalen, i krysset ved Gullvegen, blei vegen stengt under aksjonen. Til venstre i biletet, John Kristian Espeland frå politiet. FOTO: Kari Nilsdatter Haukås

Har avklart situasjonen

Etter storaksjonen i Vikse-området tidlegare i dag, melde politiet kl. 14.06 at dei har kontroll på situasjonen.

Store bevæpna mannskap deltok, og i 12-tida bad politiet folk halda seg unna eit område ved Gullvegen, nær Vikse skule. Politiet har nå kontroll på staden og har søkt området etter personar.

Det blei sett på store ressursar på oppdraget, då det blei oppfatta som at det var av svært alvorleg karakter. Etter å ha vore på staden er politiet i ferd med å avslutta ytterlegare tiltak.

Politiet ønskjer ikkje å gå i detalj i forhold til innhaldet i meldinga, utover at melding tyda på at det var fare for liv/helse, og at oppdraget blei ressurssett etter dette. Meldar er ivaretatt av politi/helse. Sak er oppretta.