Erna Solberg.
Erna Solberg. FOTO: Foto: Eirin Larsen/Statsministerens kontor

Slik er me anbefalt å feira jul i år

Det er nødvendig med smittevernstiltak også i jula, men regjeringa lempar på nokre tiltak for at folk skal kunna feira jul og nyttår litt meir som normalt.

– Jula er jo ei tid for nærleik, ikkje avstand. Me vil at alle skal få feira jul med så mange som mogleg av dei ein ønsker rundt seg. Det fortener me, ikkje minst i år. På same tid er me bekymra for at julefeiringa skal føra til meir smitte i samfunnet. Me ønskjer ikkje å starta det nye året med stigande smittetal og nye innstrammingar i januar. Det vil ingen av oss, seier statsminister Erna Solberg, i følgje ei pressemelding på regeringen.no.

Basert på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har regjeringa vedtatt følgjande tiltak for jula:

  • Du må framleis avgrensa det totale talet på menneske du har sosial kontakt med gjennom heile perioden, og ikkje minst i førjulstiden.
  • Vi held oppe tilrådinga om at ein kan ha inntil 5 gjester til over nyttår.
  • På to av dagane opnar vi for inntil 10 gjester. Det betyr altså inntil 10 gjester på julaftan og nyttårsaftan, eller to andre dagar som ein vel sjølv i løpet av perioden.
  • Det må alltid vera minst ein meters avstand mellom alle som elles ikkje bur saman. Dette gjeld både når ein sit til bords, når gåvene blir delte ut og når julekakene kjem fram.
  • Klarar du ikkje å gjennomføra juleselskapet med minst ein meters avstand viss du inviterer 10 gjester, må du invitera færre.
  • Viss du kjem frå område med høg smitta, bør du halda 2 meter avstand til folk i risikogruppa.

Desse tilrådingane gjeld for heile landet. I kommunar med stort smittetrykk kan det vera strengare reglar for mengde gjestar og kontaktar. Følg derfor godt med på informasjonen der du bur.

– Når vi opnar opp for fleire gjester to dagar i høgtida, føreset det at alle er flinke til å halda minst ein meters avstand og avgrensa talet på sosiale kontaktar gjennom perioden, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Skjermdump frå regjeringa.no FOTO: Illustrasjon: Ingrid Asp (ASD) / Lars Rune Opsahl (DSS) / Colourbox.com

Kyrkjevandring

Regjeringa vil legga til rette for opne kyrkjer med kyrkjevandring i jula. Det betyr at folk får komma inn i kyrkjerommet, tenna eit lys og høyra på musikken som blir spelt. Føresetnaden er at det blir lagt til rette for at det alltid er mogleg å halda avstand til kvarandre, at det ikkje er meir enn 50 stykke til stades samtidig og at ein registrerer kven som går ut og inn av kyrkja. Det føreset òg at kyrkja er stor nok til at alle smittevernreglene kan overhaldast.

Reise heim til jul – ei nødvendig reise

– Regjeringa tilrår å unngå unødvendige reiser innanlands og utanlands. Reiser i jula kan for mange, med rette, blir sagd å vera nødvendige. Alternativet ville vore ei jul utan familien. La meg likevel understreka: Dette er ikkje jula for å reisa utanlands, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Mange brukar vanlegvis juleferien til å besøka familie som bur i andre land. Det er ein reell fare for at dei som vel å reisa ut, bringar med seg smitta tilbake. Viss du vel å reisa utanlands i jula, må du følgja reglane når du kjem heim. Du skal i 10 dagars karantene etter å ha vore i eit raudt land