Ein medarbeidar ved Haugesund sjukehus har fått påvist Covid 19-smitte. Førebels er 7 pasientar og 13 medarbeidarar i karantene, opplyser Helse fonna i ei pressemelding.
Det går fram at vedkommande var på jobb i helga, og gjekk og testa seg søndag kveld, etter å ha fått symptom. Prøvesvaret måndag kveld viste at vedkommande er smitta av covid-19. Smittesporing pågår i tett samarbeid med Haugesund kommune.
– Medarbeidaren har følgt våre rutinar i høve til smittevern, seier adm. dir. Olav Klausen i Helse Fonna.
Hendinga har til no ikkje gått ut over drifta ved sjukehuset.