Prosjektet som har ført fram til Foreldresamarbeidsavtalen.no starta opp sommaren 2019. Tenesta  er utvikla av eit tverrfagleg team med familievernsjuristar, meklarar frå familievernstenesta, og eit utviklingsteam for den digitale løysinga. Kvart år er rundt 16 000 familiar i mekling
Prosjektet som har ført fram til Foreldresamarbeidsavtalen.no starta opp sommaren 2019. Tenesta er utvikla av eit tverrfagleg team med familievernsjuristar, meklarar frå familievernstenesta, og eit utviklingsteam for den digitale løysinga. Kvart år er rundt 16 000 familiar i mekling FOTO: Foto: Lars Pettersen/Tinagent

Ny teneste for foreldre i samlivsbrot

Foreldre som flyttar frå kvarandre treng gode avtalar for samarbeid om barna. Konfliktar skadar både barn og vaksne, fornuftige avtalar førebygger. Bufdir har utvikla ei ny teneste som hjelper foreldre å laga samarbeidsavtalar.

Alle foreldre med barn under 16 år som flyttar frå kvarandre, må til mekling. Det er for å sikra at dei blir samde om korleis dei skal samarbeida som foreldre etter brotet. Tenesta Foreldresamarbeidsavtalen.no, skal bidra til at dei finn best mogleg løysingar, opplyser Bufdir i ei pressemelding.

Når foreldre i ei allereie opprivande tid skal ta val av stor tyding for både barna og seg sjølv, treng dei tydeleg informasjon om kva dei tar stilling til i ein foreldresamarbeidsavtale. Den nye tenesta skal hjelpa dei å forstå kva som er viktig å ta omsyn til, og kva som er konsekvensane av dei vala dei tar.

Den nye nettenesta har enkle forklaringar og illustrasjonar på vanskelege omgrep som til dømes fast delt bustad og samvær, og nyttig informasjon om kva som er bra for barn som er i ein vanskeleg situasjon når familien ikkje skal halda fram med å bu saman.

Enkelt og nyttig hjelpemiddel

Jon Ståle Haugerud er blant familieterapeutane som har vore med på å prøva ut den nye løysinga.

– Det er veldig positivt at foreldra kan begynna å fylla ut avtalen heime, og ta den opp og arbeida vidare med den under meklinga. Alt blir lagra for vidare bruk. Det er enkelt å få tilgang til avtalen, og avtalen i seg sjølv verkar intuitiv. Han er oversiktleg med gode forklaringar på ulike viktige omgrep, seier Haugerud.

På temasida kan foreldra mellom anna lesa om korleis meklinga føregår, korleis dei best mogleg tar vare på barna i brotet, og korleis dei bør samarbeida. I tillegg ligg det regelverk knytt til til dømes bustadordningar og økonomi der.