Om oss
Vestavind er ei uavhengig lokalavis for Sveio i Vestland fylke. Avisa blei stifta i 1986 (første utgåve 16. januar 1986), er på nynorsk og har papirutgåve ein gong i veka, 46 papirutgåver i året. 5. mars 2020 fekk me nettavis.
I Vestavind er me eit positivt team som er opptatt av det som skjer rundt oss, både lite og stort. Me jobbar for å tilby eit godt produkt både for lesarar og annonsørar, og ser på lokalavisa som eit viktig informasjonsorgan for heile kommunen.
Vestavind har godkjent opplag på 1.575 eksemplar (Første halvår 2025). Me produserer avisa sjølv og avisa blir trykt i Bergen på Scibsted Trykk. Papiravisa blir distribuert av Posten i Sveio kommune og Helt hjem/Posten ellers i Norge. Styreleiar i Vestavind er Bent Rune Sinnes. Dagleg leiar er Susanne Lie Vallestad og ansvarleg redaktør er Ellen Marie Hagevik.