- NAV er avhengig av hjelp frå arbeidsgjevarane for få utbetalt pengane, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
- NAV er avhengig av hjelp frå arbeidsgjevarane for få utbetalt pengane, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland. FOTO: NAV

NAV er klar til å hjelpa

Kva har eg rett til av omsorgspengar? Korleis skal verksemda gjera det ved permitteringar? Svar kan du no finna på ei samleside med viktig informasjon hos NAV.

I samband med korona-krisa ynskjer NAV å nå ut med informasjon til dei som vert råka av krisa og har behov for NAV sine tenester

– Dei som er smitta eller som må isolerast på grunn av koronaviruset, kan ha behov for sjukemelding. Koronaviruset får også konsekvensar for verksemder. Dette vil føra til at nokre arbeidsgjevarar blir nødt til permittera tilsette, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Dei generelle reglane er gjeldande og må vera oppfylt for å kunna permittera og få rettigheit på dagpengar under permittering. Arbeidstilsynet er ein kompetanseaktør innan permitteringsregelverket, medan NAV har ansvar for dagpengar under permittering.

Ta i bruk digitale løysningar

– På nav.no er det oppretta ei samleside med viktig informasjon i samband med koronaviruset. Me oppmodar om at denne vert nytta ved spørsmål om NAV-tenester og koronavirus. Det er varsla endringar i permitteringsregelverket i løpet av dagen. Informasjon om dette vil bli publisert på nav.no, seier Østerlid.

Hun understrekar at det er viktig at alle nyttar dei digitale løysningane til NAV. Det er enklast og mest effektivt. Planlagte møter vert fortrinnsvis gjort gjennom digital dialog, telefon eller video.

– NAV-kontora i Sunnhordland kjem til å ha redusert bemanning og fleire kontor vil vera stengde for personar utan avtale i perioden framover. Endringar i opningstida vil bli publisert på kommunane sine nettstader, seier Østerlid.

Sjukemeldingar og omsorgspengar

Personar vil ha rett til sjukemelding dersom ein lege vurderer at det er nødvendig med isolasjon fordi vedkomande kan vera smitta av koronaviruset. Stengde skular og barnehagar kan gje rett til omsorgspengar.

–  Situasjonen råkar alle og kan endra seg raskt. Me oppmodar alle med behov for tenestene til NAV om å halda seg oppdatert og følgja med på utviklinga, seier Østerlid.

Her finn du informasjon

Viktige nettsider for informasjon frå NAV i samband med koronavirus:

Koronavirus – informasjon frå NAV
NAV om permittering
Arbeidstilsynet om permittering