FOTO: Folkehelseinstituttet

Meld frå ved mistanke om koronavirus

Har du mistanke om at du er smitta av koronaviruset, kan du no sjølv registrera symptoma via eit skjema på nett.

Framleis er det berre visse pasientgrupper og helsepersonell som blir testa, og ein får heller ikkje kontakt med helsepersonell om ein registrerer seg. Men ein bidrar til å kartlegga kor mange som kan vera sjuke av koronavirus i Noreg.

Det melder Folkehelseinstituttet, som samman med Norsk Helsenett står for sjølvrapporteringstjenesta.

Betre oversikt over smitte

– Me set stor pris på om alle som har symptomar som kan vera koronavirus, som hoste, pustebesvær eller feber, melder frå om dette. Hensikten med denne løysninga er å gje helsemyndigheitene ei betre oversikt over utbreiinga av smitte, og dermed også kunna bidra til å handtera utbrotet, seier overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet.

Skjemaet Meld fra ved mistanke om koronavirus skal brukast av deg som har symptomar som kan skuldast koronavirus. Du må logga deg inn som brukar av løysinga for å melda frå.

Nettskjemaet er nasjonalt, og alle innbyggarar kan registrera sine eigne og borna sine symptomar.