FOTO: Folkehelseinstituttet

To får intensivbehandling

Onsdag ettermiddag har Sveio framleis berre ein person med påvist koronasmitte. Ved Haugesund sjukehus får no to pasientar intensivbehandling.

I Haugesund var det klokka 15.30 registret 27 med påvist koronasmitte ifølge VG.no si liveopdatering. På Karmøy er talet 19, i Tysvær 11, og Bokn har framleis ingen med påvist smitte.

Stord har tre med påvist koronasmitte, Bømlo to og Fitjar to. I Vindafjorder er talet auka frå tre til seks det siste døgnet, og i Etne er det framleis tre.

Vaksne intensivpasientar

Helse Fonna melder onsdag at det er er åtte pasientar med påvist Covid-19 (korona) på Haugesund sjukehus. Det er ein auke på tre sidan måndag og seks sidan helga. Ved Odda sjukehus er det ein koronasmitta innlagt.

Av desse ni pasientane får ein vaksen (18-64 år) og ein eldre (65+) intensivbehandling. Begge ved Haugesund sjukehus.

Helse Fonna har 108 medarbeidarar i koronarelatert fråvær/karantene av totalt ca. 4.000 medarbeidarar. Det er ein stor nedgang frå 240 i helga og 131 tysdag.