Det er nå alltid noko styr med slik flytting, men det kjem heile tida yngre krefter til, så det går bra, skriv innsendaren.
ARKIVFOTO: FOTO: Arne Aage Valen

Valevåg Båtforening på flyttefot

Foreningen vart stifta i 1983, og har sidan den tid halde til på leigd grunn på nordsida av Kobbaneset, tvers over frå fergeleiet i Valevåg. Dette er nå historie, men Valevåg Båtforeing har fått ein leigeavtale med Fred Helge Nappen i eit område i Nappen. Dette er nå i grunnen på same område som før, berre at bryggene er snudd aust-vest.

Det er nå alltid noko styr med slik flytting, men det kjem heile tida yngre krefter til, så det går bra. Stava Sjø vart leigd inn for å flytte/justere og legge ut nye ankerfester, og det var profesjonelle karar.

For rundt 10 år sidan gjekk båtforeningen til ein stor investering ved innkjøp av nye brygger. Dei var tidlegare brukt ved eit fiskeoppdrett nede i Ryfylkefjordane, men dei var veldig bra.

Skikkelege greier. Desse vart frakta hit og etter kvart kopla saman. Nye uteriggarar vart kjøpt inn og sett saman. Dette var det i grunnen mykje arbeid med og det gjekk føre seg på kaien til Erling J. Eriksen.

Snart kan me feira 40-årsjubileum. Det vel ingen som har oversikt over alle dei dugnadstimar som er brukt, men desse bryggene vil vara i mange år.

Diverre er det fleire som er falt ifrå sidan oppstarten, av ymse årsakar, men alderen er nå ein av dei. Ved førebels fortøyning av bryggene i Nappen hadde ungdommane lagt ut ein planke til gangveg. Då hadde eg valget mellom å detta på sjøen eller å krypa i land.

Eg kraup planken, starta Kia`en og kjørte heim.

Litt om det gamla

Området er frå før regulert til småbåthavn og er frå gamalt av ein ankerhavn eller nattehavn om ein vil.  Det var lite fyrlykter før i tida, så då måtte ein leggja seg til for natta på ein trygg stad.  Det er fem gamle fortøyningsfeste i området, T-boltar, eit av dei like innafor fergestøa i Valevåg.

For ei tid tilbake vart desse markert på nytt med svart og kvit maling, men nå er det meste borte, så me lyt nok ta ein runde til med stålbørste og malingskosten. Dette er kulturminne som er enkelt å taka vare på.

Maleriet av den to-mastra jekta til Samuel Nappen, «Frøya», er malt av dattera hans, Agnes i 1915. Agnes  (1895-1979) var veldig flink til å både tegna og mala. Blant anna tok ho til med å fargeleggja svart/kvit fotografi og dei vart utruleg fine.

Ein kunne ikkje sjå at dei var handmala, dei var nett som fargefoto i dag. På 1950- og 60-talet bleikna alle fargefotografi heilt vekk. Me har sjøl bilete av to av døtrene våre tatt på Otterøy, der dei fȏr å stabba i strandkanten, som Agnes fargela. Dei er like fine den dag i dag.

Men Agnes kunne meir enn å mala. Til liks med brødrene sine, var ho med som mannskap på jekta til faren. Det var ho og Fritjof som var med ei tid. «Hadde hu vore gut, kunne hu blitt ein gasta sjømann», skal Samuel ha sagt.

Men Agnes enda som bureisningskona inne på Dalesmyrane på Bjoa, men ingen høyrde at hu nemnde at hu savna sjøen, er det sagt.

Som ein ser av maleriet av «Frøya» ligg ho nett der som bryggene er nå, og det er berre småskog på Kobbaneset. Oppe til venstre kan ein skimta mønet på Fartein Valen-huset.

Og fortøyningsfeste til jekta si hadde Samuel Nappen på eigen grunn.

Arne Aage Valen