FOTO: Folkehelseinstituttet

Talet på innlagte halvvert

Ein fjerde person har fått påvist koronasmitte i Sveio. Talet på innlagte koronapasientar i Helse Fonna er no nede i tre.

Tysdag melder Helse Fonna at det er innlagt tre pasientar med påvist covid-19 på Haugesund sjukehus. Ein vaksen (18-64 år) og ein eldre (65+) får intensivbehandling. Det betyr at talet på innlagte koronapasientar er halvvert i løpet av påsken.

I Haugesund har talet på registrerte smitta halde seg på 50, ifølge VG.no, sidan Vestavind si siste oppdatering. I dei andre kommunane rundt oss ser det slik ut tysdag. Dersom det er endringar, er talet frå åtte dagar sidan tatt med i parantes:

Første registrerte smitta i Bokn

Fitjar 8 (7), Stord 5, Bømlo 4, Tysvær 20 (16), Karmøy 36 (27), Bokn 1 (0), Vindafjord 11 (10) og Etne 4.

Vestland fylke har no 680 (532) med bekrefta koronasmitte, og 12 (4) er døde. I Rogaland er tala 384 (361) smitta og 2 døde. Ingen av dei døde er frå Sveio eller våre nabokommunar.

Av totalt ca. 4.000 medarbeidarar i Helse Fonna, er no berre 16 tilsette i koronarelatert fråver eller karantene.