Vanleg pass vil du framleis få fleire stadar, men snart er det berre Politiet sitt forvaltningssenter i Haugesund og politistasjonen på Stavanger Lufthavn Sola som vil tilby naudpass i Sør-Vest politidistrikt.
Vanleg pass vil du framleis få fleire stadar, men snart er det berre Politiet sitt forvaltningssenter i Haugesund og politistasjonen på Stavanger Lufthavn Sola som vil tilby naudpass i Sør-Vest politidistrikt. FOTO: Ellen Marie Hagevik/arkiv

Politiet opnar gradvis for tenester

Frå og med måndag 20. april opnar politiet gradvis delar av publikumsmottaka. Dette betyr at enkelte tjenester er tilgjengelige for fysisk oppmøte.

 

Det skriv Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Alle lokasjonene har innført smitteverntiltak for å førebygga koronasmitte. Publikum vil bli informert på dei ulike stadene om kva tiltak som gjeld, og kva tenester som er tilgjengelege.

For enkelte lokasjoner ber ein om at publikum møter opp kort tid før timeavtale. Dette er presisert under de ulike lokasjonene på www.politiet.no.

Mottar meldingar, men…

Politiet opner også opp for å motta meldingar av forhold fysisk. Innbyggjarne blir likevel oppfordra til å ta kontakt på telefon om de kan unngå å møta opp.

Nokre forhold kan meldast på nett, og publikum blir bedne om å nytta seg av denne løysinga så langt det er mogeleg.

Skriv ut pass

Sjølv om dei færraste skal ut å reisa i nærast framtid, vil dei fleste passlokasjoner i Sør-Vest politidistrikt frå og med måndag i neste veke opna for kundar.

Dette gjeld kun timebestillingar. Politiet sine nettsider gir oversikt over kva timar som er tilgjengelege.