Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio.
FOTO: ARKIV
Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio. FOTO: ARKIV

Tatt på Haukås, stoppa i Aksdal

Vogntogsjåfør mista førarkortet etter å ha kjørt i 86 km/t i 60-sona på Haukås.

Mellom klokka 12.50 og 14.10 torsdag hadde politiet laserkontroll på Haukås. 10 førarar fekk forenkla førelegg, og ein mista førarkortet.

Han som mista førarkortet vart ikkje stoppa før i Aksdal. Ikkje fordi han stakk av frå kontrollen, men fordi han ikkje visste han var målt.

– Det er ikkje uvanleg at ein måler farten bakfrå når det kjem kjøretøy i motsett kjøreretning som ser ut til å halda for høg hastigheit. Vogntogsjåføren fekk beslaglagt førarkortet av ein patrulje som stoppa han på Aksdal, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Så mykje får du i bot

Når fartsgrensa på stedan er 60 km/t eller lågare, og fartsoverskridinga er,

  • til og med 5 km/t – kr. 800
  • til og med 10 km/t – kr. 2.100
  • til og med 15 km/t – kr. 3.800
  • til og med 20 km/t – kr. 5.500
  • til og med 25 km/t – kr. 8.500
  • Over: Førarkortbeslag
    Kjelde: Lovdata