Arbeidsløysa har flata ut på eit rekordhøgt nivå. Det har vore ei ekstrem forverring i arbeidsmarknaden sidan mars, skriv NAV Sunnhordland i ei pressemelding.
– Det som er positivt, er at fleire permitterte kjem i arbeid, heilt og delvis, samstundes som samfunnet gradvis opnar opp igjen. Det kan tyde på at me kan få ei noko lågare arbeidsløyse framover, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
I tillegg til heilt ledige og personar i arbeidsretta tiltak, er det registrert 1.320 delvis ledige. I NAV region Sunnhordland er det også registrert over 1.000 EØS-borgarar. Det utgjer nesten halvparten av alle registrerte EØS-borgarar i Vestland.
Ramma då aktiviteten var på topp
Sunnhordland vart råka av koronaviruset i ei tid der aktiviteten var på topp. Om lag 2.000 innleigde industriarbeidarar frå EØS-land jobba i ein tilbakevendande turnus og reiste heim i friperiodane.
– Eit fleirtal av dei er blitt permitterte. Kværner bemannar no opp igjen, med 100 personar i første omgang. Viser det seg vellukka, vonar me fleire av dei permitterte frå EØS-land kjem attende i arbeid, seier Østerlid.
EØS-borgarar som er omtalt har ikkje bustadskommune i Noreg. Dei er registreret hos NAV, men ikkje ein del av tal for arbeidsløysa.
23.919 fleire enn i fjor
I Sveio er arbeidsløysa 7,4 prosent. Det utgjer 149 heilt eller delvis ledige, og er ein auke på heile 229 prosent i høve til same tid i fjor. Auken for heile Sunnhordland totalt er ganske mykje høgare, heile 300 prosent samanlikna med i april i fjor.
I Sunnhordland er det høgast arbeidsløyse på Stord (8,6 prosent) og i Etne (7,9 prosent), medan det er lågast ledigheit på Tysnes (4,8 prosent) og i Kvinnherad (5,4 prosent).
Arbeidsløysa i Vestland er 9,3 prosent av arbeidsstyrken, eller 31.352 personar. Det er 23.919 fleire enn på same tid i fjor.