Kattar kan bli forgifta ved direkte inntak av musegifta fordi gifta har blitt brukt feil, eller ved å eta forgifta mus.
Kattar kan bli forgifta ved direkte inntak av musegifta fordi gifta har blitt brukt feil, eller ved å eta forgifta mus. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Forbod mot fleire musegifter

Enkelte av musegiftene ein får kjøpt inneheld stoffet alfakloralose. Desse produkta blir no ulovlege å bruka for privatpersonar, og sal av denne typen musegift til privatpersoner er ikkje tillate etter 8. mai 2020.

Alfakloralose, som finst i fleire musemidlar, er eit stoff som gir narkose og nedkjøling. Gifta virker slik at forgifta mus døyr av nedkjølinga. Flere nordiske land har sett at den auka bruken av alfakloralose-produkt har ført til eit auka tall tilfeller forgifting hos kjæledyr, spesielt kattar.

Kattar kan bli forgifta ved direkte inntak av musegifta fordi gifta har blitt brukt feil, eller ved å eta forgifta mus. Forgiftninga gir raskt ustøhet, skjelving og nedsett kroppstemperatur, og eventuelt koma (kjelde: Veterinærinstituttet).

Bekymra veterinærar

Miljødirektoratet fekk dei første bekymringsmeldingane frå veterinærar våren 2019. Etter det har direktoratet henta inn opplysningar fra veterinærar i felt, og dei samarbeider med Veterinærinstituttet for å få analysert prøvar.

– Vårt vedtak om å forby musegifter som inneheld alfakloralose til privat bruk er blant anna basert på denne veterinærfaglege informasjonen. Slike produkt kan heretter verken seljast til eller brukast av privatpersonar. Eit tilsvarende vedtak er også gjort av den Svenske Kemikalieinspektionen, seier seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Trine-Lise Torgersen.

Godkjente skadedyrbekjemparar kan framleis bruka musegift som inneheld alfakloralose utandørs rundt bygningar. Gifta skal då vera plassert i åtestasjonar slik at middelet er utilgjengeleg for både menneske og dyr.

Bruk heller musefeller

Det er fortsatt godkjent musegift på marknaden, men Miljødirektoratet rår privatpersonar til å unngå gift så langt det er mulig og heller bruka musefeller. Har ein eit større museproblem, rår direktoratet til at ein tek kontakt med profesjonelle skadedyrfirma.

Privatpersoner som allereie har produkt med alfakloralose, blir oppfordra til å levera desse til eit godkjent avfallsmottak.