– Det er alltid stor gjensynsglede når våre faste tyske familiar inntek «si hytte» her på Øklandsnes. Dei klemmer og kysser, både når dei kjem og når dei drar, det kan me ikkje gjera i år, – viss dei då i det heile kan koma, seier Johanne og Konstantin Jacobsen.
– Det er alltid stor gjensynsglede når våre faste tyske familiar inntek «si hytte» her på Øklandsnes. Dei klemmer og kysser, både når dei kjem og når dei drar, det kan me ikkje gjera i år, – viss dei då i det heile kan koma, seier Johanne og Konstantin Jacobsen. FOTO: Irene Jacobsen

Håpar på norsk turistsommar

Medlemmene i Sveio Reiseliv er hardt ramma. Inntektsgrunnlaget blei nærmast rive bort over natta då koronasituasjonen oppstod.

Hytte- og campingforbodet er oppheva, men det er framleis stor usikkerheit knyta til korleis sommaren blir for dei som leiger ut hytter. Håpet er at litt av det økonomiske tapet kan bli retta opp med norske gjester. Imens tikkar avbestillingane inn.

Nye vurderingar frå Helsedirektoratet gjeldande for dei nordiske landa, er venta 20. juli, og først etter 20. august kan det tidlegast koma tyske turistar.

Spent på nye reglar

Ekteparet Johanne og Konstantin Jacobsen på Øklandsnes har framleis eit lite håp om å fylla noko av dei to utleigehyttene sine gjennom sommaren og tidleg haust. 30 somrar på rad har tyske turistar feriert i dei to utleigehyttene deira på Solstrand Hytteutleige.

Feriegjestene våre som skulle koma i mai/ juni er avbestilt. Dei som skulle koma i juni/juli, har flytta bestillinga si til september i håp om å få koma då, fortel Johanne Byrkja Jacobsen.

Ho håpar at norske turistar finn fram til dei, og at det på ettersommaren kan koma nye reglar som igjen opnar opp for utanlandske turister.

– Ikkje verst for oss

Ekteparet Jacobsen, som er tilknytta Sveio reiselivsforum – ein paraplyorganisasjon for fleire som driv hytteutleige i kommunen – slår fast at den spesielle situasjonen som har oppstått ikkje vil ramma dei i særleg stor grad.

Me er pensjonistar og har byrja å trappa litt ned, men for dei som har investert mykje vil det få store konsekvensar, fastslår ekteparet.