mote
Utflytta sveibu, Renate Nipe, satsar for seg sjølv og introduserer eit nytt, meir bærekraftig merke som skal passa på jobb, sofaen og på fest. Designaren har arbeidsplassen sin på garasjeloftet heime på Nesbru i Asker, der får ho utløp for sin store skapartrong. FOTO: Privat

Utflytta sveibu i norsk design-elite

Med sin eigen kleskolleksjon har Renate Nipe kome gjennom eit ganske så lite nålauga.

Renate Nipe (38) flytta frå Sveio til Oslo for å studera design og modellering ved den internasjonale motefagskulen i Norge (Esmod). Etter mange år i bransjen, blant anna som designar for Varner-konsernet, og seinast som seniordesignar for kjeda Days Like This, har Nipe sett eit behov for kler som har fleire bruksområde. No har designaren satsa på meir miljøvenleg mote i sitt eige klesmerke ho har kalla Ilag.

– Konseptet er fleirbruksplagg som passar til alle, og kan brukast til alt; i sofaen, på vift og på jobb, forklarar designaren.

Renate Nipe design. FOTO: Tonje Tønseth og Trude Westby

Designar Renate Nipe har henta inspirasjon frå Sunnhordaland til sin første kolleksjon. FOTO: Tonje Tønseth og Trude Westby

Meir bærekraftig

Ho ønskjer å påverka kvardagen til folk. Konseptet går ut på at kleda du kanskje har hatt i fleire år kan returnerast. Viss du kjøper ei jakke, du brukar den i nokre få år, for så at den berre blir hengande i skapet, kan du returnera den. Når du returnerer plagget kan du får rabattar på nye plagg.

– Produktet du har levert tilbake, blir reinsa, reparert eller redesigna – dersom det er nødvendig – og seld vidare til ein ny kunde. Plagga vil «gå i loop» til dei framstår ubrukelege, før dei blir sende til gjenvinning, fortel Nipe entusiastisk.

Innovasjon Norge-støtte

Nipe har fått støtte av Innovasjon Noreg for sin nyskapande måte å tenkja rundt forbruk av klede. Den økonomiske støtta på 100.000 kroner, var avgjerande for at ho våga å satsa. Dette var i november 2019. Innovasjon Norge gir berre pengar til bedrifter som er innovative, bedrifter som skapar noko nytt eller driv med fornying.

– Etter det eg kjenner til er det ingen andre klesmerke i Noreg som har fått støtte av Innovasjon Norge, seier Nipe stolt.

Ilag

Klesmerket Ilag blei lansert offisielt under motemessa Ciff i København i slutten av januar i år. Etter dette har kolleksjonen blitt vist fram til innkjøparar på eit showroom i Oslo.

Det har vore ein lærerik og tidkrevjande prosess . Før Nipe gjekk i gong måtte ho tenkja på kva som sel, lønsamheit, kvalitet og miljøaspekt. For å unngå å få store investeringar så tidleg i prosessen inviterte ho rundt 30 damer i nabolaget sitt for å presentera kolleksjonen for dei. Det førte til at mange ville førehandskjøpa produkta.

– Dermed fekk eg inn finansieringa eg trong ei stund framover, opplyser Nipe.

Plagg inspirert av Sunnhordlandsnaturen. FOTO: Tonje Tønseth og Trude Westby

Konseptet går ut på at kleda du kanskje har hatt i fleire år kan returnerast. FOTO: Tonje Tønseth og Trude Westby

Dyrkar det norske

Ilag har norsk inspirasjon, skal dyrka det norske, noko som kjem til uttrykk i kleda. Det er også eit velklingande og inkluderande nynorsk-ord, som Nipe lett kan identifisera seg med. I prosessen har ho knyta til seg ekte, heil-ved folk som har påverknadskraft i sitt nærområde.

Filosofien er at det skal vera folkeleg, eit positivt lada ord for å gjera noko saman, for kvarandre og for fellesskapet. Eit ord som vekkjer opp under norsk dugnadsånd, det å gjera noko for andre utan å forventa noko tilbake. Det var også viktig at eg kunne føla at namnet var meg, fortel 38-åringen.

Sunnhordland

Inspirasjonen til den første kolleksjonen kjem frå Sunnhordland. Nipe drog ut til Brandasund på Bømlo saman med to andre personar for å finna den rette fargeskalaen. 

– Me laga ein profil ut frå dei fargene me fann der, fortel Nipe.

Idéen til fiskeprint på produkta er ho særs god nøgd med, her er alle fiskeslaga ho drog opp i barndommen med.

Fiskeprint-idéen møtte stor skepsis i starten, men det har vist seg å slå skikkeleg an, ler Nipe. Sjølv har ho stor kjærleik til barndomsbygda Valevåg, der minne om bading, fiske, båtliv og nære familierelasjonar står sterkt. Når Vestavind tek kontakt har Nipe nettopp hatt sin faste morgondukkert i sjøen heime på Nesbru i Asker, der ho bur med sambuar og deira to søner på seks og åtte år. Den kreative tobarnsmora har kort veg til jobben, då garasjeloftet er omgjort til hennar arbeidsplass. 

God kvalitet

Ilag-plagga skal ifølgje Nipe ha gode kvalitetar, og ho har brukt lang tid til å finna dei rette fabrikkane. Ilag jobbar med fabrikker i Italia, Ungarn, India og Kina, – alle mindre sertifiserte fabrikkar. For Nipe er det viktig å vita at dei som lagar kleda har det bra, og at det er etisk samstundes som det er meir bærekraftige materialar. Ho håpar kundane er villige til å betala litt ekstra for å kjøpa meir bærekraftige produkt som er bra både for dei sjølve og for jordkloda vår.

Eg prøver å unngå syntetiske fibre fordi det er ikkje bra for miljøet. Eg har også brukt resirkulert ull i fleire av produkta. Ilag lagar også klede i stoff «som er til overs» frå andre, såkalt «waste fabric», opplyser moteskaparen.

Frå august i år vil klesmerket Ilag bli å finna i fleire butikkar rundt omkring i Noreg, i tillegg til Frankrike og Tyskland. Det er også oppretta ein nettbutikk; ilagilag.com