Bømlo-nytt-foto-reserve-1-1-scaled
Bilde 1 av 4
Bømlo-nytt-foto-1-2-scaled
FOTO: Geir EinarsenBilde 2 av 4
Bømlo-nytt-foto-2-1-scaled
FOTO: Geir EinarsenBilde 3 av 4
Bømlo-nytt-foto-reserve-2-1-scaled
FOTO: Geir EinarsenBilde 4 av 4

Velkommen til Bømlo, kommunen med dei tusen øyane

Dagens ferietips i lokalavisene si nye reiselivssatsing Mitt ferietips landet rundt er i dag Bømlo. Nesten 40 lokalaviser vil utover sommaren gje deg tips om kva du kan oppleva i Noreg.

Bømlo er eit eldorado for deg som likar friluftsliv, anten du vil gå tur, padla kajakk eller kano, bruka fritidsbåt, dykka eller klatra. Stiar, turløyper og badeplassar finn du over heile kommunen, og vil du sjå heile øya under eitt, kan du gå til topps på Siggjo (472 meter), den høgaste fjelltoppen vår som alle bømlingar har eit forhold til.

Frå solskinsøya Espevær i sør til Brandasund i nord femner naturen om nakne bergnabbar mot sjølvaste storhavet i vest til frodige og djupe skogsområde med små og større skogstjern og vatn på austsida. Ørna seglar høgt over skjergården på leit etter mat, og andre sjøfuglar byggjer og bur langs kysten.

Bømlo har eit rikt og mangfaldig kulturliv, der Nord-Europas finaste utandørs amfi er spydspissen. På Espevær kan du oppleva UFO-ringen, hummarparken og museet i Baadehuset. Dei som likar å shoppa, kan finna noko dei kan ha bruk for i butikkane i sentrum. God service er sjølvsagt.

Mykje meir kunne vore nemnt, men du må nesten ta turen sjølv å finna ut av resten.

Hjarteleg velkommen til Bømlo i sommar! Nordens Hawaii!