I ei undersøking svara 40 prosent av bøndene at dei aldri brukar setebelte i traktor når dei køyrer utanfor offentleg veg. Berre 18 prosent oppga at dei alltid brukar setebelte.
I ei undersøking svara 40 prosent av bøndene at dei aldri brukar setebelte i traktor når dei køyrer utanfor offentleg veg. Berre 18 prosent oppga at dei alltid brukar setebelte. FOTO: Vestavind arkiv

No må du bruka setebelte i traktor

1. juli vart det innført eit generelt påbod om bruk av setebelte i traktor. – Dette er eit enkelt og konkret tiltak som vil bidra til å redda liv, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.

Påbodet gjeld all køyring med traktor, med unntak for blant anna køyring på islagt vann og ved arbeid der ein må gå inn og ut av traktoren heile tida.

Arbeidstilsynet vil samarbeida med Noregs Bondelag om å laga ein rettleiingstekst om dei nye reglane og unntaka. Endringa er gjort i forskrift om utførelse av arbeid, § 19-4, sjette ledd.

Arbeidstilsynet vil også bruka ein del ressursar på å informera om det nye regelverket og kvifor ein bør bruka setebelte i traktor. I tillegg vil dei kontrollera at setebelte er montert og bruken av det. Manglande beltebruk vil også bli følgd opp etter ulukker.

Halvparten av dødsulukkene i landbruket

Jordbruksnæringa er ein av næringane i Noreg med flest dødsulykker i forhold til tallet på sysselsette. Traktorulukker står for rundt halvparten av alle dødsulukkene i landbruket. I blant anna situasjonar med velt, påkøyring og steiling, vil setebelte kunna ha stor betydning for tryggleiken.

Statens vegvesen gjennomførte i 2015 ei undersøking som viser at manglande bruk av setebelte har vore medverkande til skadeomfanget i nesten 1/4 av dødsulukkene med traktor.

– Mange alvorlige ulukker og dødsulykker kunne vore unngått om føraren hadde brukt setebelte. Ei typisk ulukke skjer ved at føreren blir kasta ut av traktorhytta og får traktoren over seg. Med setebelte ville føraren blitt mørbanka, men hadde sannsynlegvis redda livet. Her trengs det ei haldningsendring, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.

Fire av ti brukar ikkje setebelte

I ei undersøking gjort av Sentio Research for Arbeidstilsynet, vart 1.000 bønder mellom anna spurt om bruk av setebelte. 40 prosent av bøndene svara at dei aldri brukar setebelte i traktor når dei køyrer utanfor offentleg veg. Berre 18 prosent oppgir at dei alltid brukar setebelte.

Dei vanlegaste årsakene til ikkje å bruka setebelte, er at det ikkje blir sett på som naudsynt, at det er dårlig vane og at det er snakk om korte avstandar.

I same undersøkinga oppga 25 bønder at dei hadde velta med traktor i løpet av dei siste fem åra. 44 bønder svara at dei hadde opplevd å nesten velta.