Liv Sonja Flolid har dei siste åra arbeidd mest med pastellkritt og akrylmaling. Med pastellkritt kan ho gå ned i minste detalj, noko ho ikkje gjer med akryl.
Liv Sonja Flolid har dei siste åra arbeidd mest med pastellkritt og akrylmaling. Med pastellkritt kan ho gå ned i minste detalj, noko ho ikkje gjer med akryl.Bilde 1 av 2
Liv Sonja Flolid 2
Bilde 2 av 2

Kunst på fyret i heile sommar

Galleri Ryvarden byr – tradisjonen tru – på sommarutstilling. I år har dei gleda av å ønskja kunstnaren Liv Sonja Flolid tilbake.

Flolid besøkte Ryvarden sist med utstilling i 2002. Året før fekk ho Ryvardenstipendet.

I juli og august i år skal ho med si salsutstilling på ny setja preg på gallerilokala på Ryvarden, skriv Galleri Ryvarden i ei pressemelding.

Flolid har dei siste åra arbeidd mest med pastellkritt og akrylmaling. Med pastellkritt kan ho gå ned i minste detalj, noko ho ikkje gjer med akryl. Uttrykka vert derfor svært forskjellige.
For tida er ho inspirert av den norske kunstnaren Hanne Borchrenvink.

Fascinert av hus

–  Hennar måte å forenkla motiva på, som sjølvsagt er hus, fascinerer meg. Ho går til dømes på tvers av alle reglar for perspektiv. I pastellarbeida derimot er eg trufast mot dei fleste reglar, trur eg, seier Flolid.

Ved sida av lærar- og leiarutdanning, har Flolid brei utdanning og erfaring som kunstnar:

Ho har mellom anna vore med på Vestlandsutstillingen, Hordautstillingen, Sørlandsutstillingen, Sunnhordlandsutstillingen og diverse kollektivutstillingar, samt hatt mange separatutstillingar rundt om i landet.

Ho er også innkjøpt av ulike kommunar og kunstforeiningar, Norsk Hydro og Statoil.

Gjestekunstnar og elev

Flolid har vore gjestekunstnar ved Alver Alto- museet sin grafiske verkstad i Jyvaskle, Finland og hospitant i NKB-Rogaland, grafiske verkstad i Stavanger.

Ho var elev av Anne Breivik i Atlier Nord, Oslo, gjekk på Eidaskulen i grafikk, Nordfjordeid, vevlinja ved Garnes Husflidskule, og tok frihandsteikning ved Bergen Kunsthåndtverkskole.

Siste utstillingsdag er 30. august.